- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
7

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljodlæra

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


§ 17. a, e, i, o, u, y, æ, ø og aa, er teikn
for vokalar (sjølvljodar); au, ei og øy, er diftongar
(tviljodar). — Ein vokal vert til paa den maaten,
at lufti vert drivi upp fraa lunga og strøymer
fritt ut gjenom open munn, medan ljodglopet
(»stemmeridset«) er atterlate og ljodbandi strame.
Etter som daa tunga er framskoti i munnen eller
atterdregi, ligg høgt eller laagt, eller lipporne skyt
seg fram eller dreg seg att, fær vokalen ein ulik
klang.

§ 18. Naar me segjer i, legg me framtunga
høgt upp i munnen, medan lipporne dreg seg att;
fører me so tunga lite ned, vert det e; lægjer me
henne endaa meir, vert det æ. — Naar me segjer
y, ligg tunga i same lega som for i, men lipporne
er framskotne; skyt me fram lipporne medan tunga
ligg paa e-romet, fær me ø. — Alle desse ljodarne
ligg soleis framme i munnen, og vert difor kalla
framljodar. Ogso ei og øy er framljodar.

§ 19. Naar me segjer u, lyfter me upp
midtunga og skyt fram lipporne. Han vert kalla
midljod. Ogso au er midljod.

§ 20. Lengst att i munnen ligg a, aa og o.
Desse ljodarne kallar me difor innljodar.

§ 21. Dei ljodarne som me uttalar med
framskotne lippor (y, ø, n, o, aa, au, øy), kallar me
runde vokalar; hine kallar me vide (i, e, æ, a, ei).

§ 22. Etter dette kann me skipa vokalarne
i tri klassor, etter som dei vert framborne paa
framtunga (i), midtunga (u), eller baktunga (o):

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free