- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
11

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljodlæra

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Merkn. 1. Austanfjells og mange stader nordanfjells
hev dei ein merkeleg uttale av l i ymse høve, helst etter
vokal, »tjukk l», soleis: sol, bla(d), fugl, Ola; ofte ogso
i staden for rd: ol (ord). I dei same maalføri vert d, t, l,
n
(og s) etter r uttala soleis, at tungetippen vert sett upp
mot gomen, i staden for mot tennerne. Desse ljodar kallar
me gomeljodar (supradentalar, kakuminalar): svart, lærd,
Karl, ørn, Lars.


Merkn. 2. Sume stader (mest nordanfjells) vert dd,
tt, ll
og nn laga paa den maaten, at tungeryggen (ikkje
berre tungetippen) slær mot framgomen; soleis i Trøndelag
rædd, skalli (skalle), mann. Desse ljodarne kann me kalla
tungeryggljodar (palatalar).


§ 31. Ein einskild konsonant er stutt: tap;
ein tvifelt konsonant er lang: tapp. Lang
konsonant fyre ein annan konsonant vert sjeldan skriven
tvifelt so nær som framfor s i eigefall og i
samansetning: gløgt (av gløgg); slepie (av sleppa); men
mannsemne, manndom. Sjaa § 57, 6.

§ 32. Ei staving med ettertrykk er alltid
lang; anten er vokalen lang: tap, eller ogso kjem
det fleire konsonantar etter vokalen og gjer stavingi
lang: tapp, land.

§ 33. Me hev i norsk tvo tonelag,
einstavingstonelag og tvostavingstonelag.
Einstavingstonelag er der i ord med ei staving: bru, hatt,
men ogso i vatn, aaker, handel, brevet, huset.
Tvostavingstonelag hev me i: visa, bygder, bygdom,
og i slike samansette ord som: gardstaur, baathamn.

§ 34. d fell ofte burt i uttalen etter vokal:
god, bad, breid (les: go, ba, brei). -ld, nd er ofte
uttala som ll, nn kveld, land: (uttala: kvell, lann).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free