- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
14

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Namnordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


§ 43. Etter si bøygning kann namnordi verta
uppsette i tri flokkar, ein for kvart kyn, og det
soleis, at me innanfor kvart kyn skil millom dei
ordi som endar med konsonant (baat, bygd. ord), og
deim som endar paa ljodlett vokal (hage, visa, øyra).
Mannkynsord.
a) Konsonant-endande.

§ 44. Bøygningsmynster:
EintalFleirtal:
Ubundi form.Bundi form.Ubundi form.Bundi form.
baatbaatenbaatarbaatarne


Merkn. 1. Dei bundne dativformer baate (eintal) og
baatom (fleirtal) som er i bruk i dativ-maalføri, er ikkje
nandsynlege i skrift. — I samansetning vert stundom bruka baats
og baate (baatslengd, baatelengd), som eigenleg er gamle
genitivformer.

Merkn. 2. Um korleis eigefallet vert umskrive sjaa
§ 55.

Merkn. 3. Fleire døme: aal, dag, fisk, fugl, gard,
hest, odd, ring, stol.


§ 45. Som baat vert alle mannkynsord
bøygde, naar dei endar paa konsonant —
undanteke:

1. ord som endar paa el og ul; i deim vert
e og u framfor l utstøytt i fleirtal: spegel,
fleirtal speglar; ongul. fleirtal onglar.

Merkn. 1. Like eins: hamar, hamrar; sumar, sumrar;
vetter (vinter), vetrar (vintrar); morgon, morgnar.


Merkn. 2. Andre ord paa -ar kastar burt r framfor
n i bunde fleirtal: tenar, tenarar, tenarane.

2. Nokre ord som fær -er i staden for -ar i
fleirtal: gjest, gjester. Endar eit slikt ord paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free