- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
18

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Namnordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


§ 52. Som aar vert alle inkjekynsord bøygde
som endar paa ein konsonant; like eins dei som
endar paa e: eple, bunde eint. eplet; ubunde
fleirtal eple; bunde fleirtal epli. Merk:

1. Sume ord med a i roti fær hardt
ljodbrigde i fleirtal (§ 25 merkn.): barn, born.

Soleis ofte: lamb, plagg, vatn, som alle ogso kann hava
a i fleirtal.

2. Ord, som endar paa ge og ke fær j framfor a og o
i maalføre med slike endingar: gjenge, gjengjom; merke
(merkja), merkjom.


        

Inkjekynsord.

b) Vokal-endande.

§ 53. Bøygningsmynster:
Eintal: Fleirtal:
Ubundi form. Bundi form. Ubundi form. Bundi form.
auga auga augo augo


Merkn. 1. Bunden dativ fleirtal (augom) er i bruk
mange stader. — I samansetning ofte auge og augne
(augestyng, augneblink) som er gamle genitivar (auga, augna).

Merkn. 2. Um eigefallet sjaa § 55.

Merkn. 3. Soleis vert bøygde: hjarta, hyrna, noda
(=nysta), nyra, nysta, okla, øyra.


Um dativ (sidefall) og genitiv (eigefall).

§ 54. I dei bygdemaal som hev dativ
brukar dei den formir

1) til aa merkja ut kven det er som gjerningi i
setningi hev umsyn til: han gav gutom mat.

2) i lag med nokre gjerningsord: han hjelpte foreldrom.

Slike gjerningsord er: fylgja, gagna, hjelpa, høva,
likjast, lyda, søma, tena.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free