- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
20

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Namnordi - Eigenskapsordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

paa naustet. Kongsgard = garden aat (til) kongen
= kongen sin gard.

<small>Merkn. Gamalt bunde eigefall i: taka til fotanne
(=skunda seg, springa); husanne millom = huse millom; vaart
fedranne maal
= vaart fedremaal.

Eigenskapsordi.



Bøygningsformer.

§ 56. Eigenskapsordi vert bøygde i kyn og
tal, og rettar seg etter namnordi som dei stend
attmed: stor mann, stort hus, store menner, store
kyrkjor.
Naar dei stend utan avmerkjingsord eller
etter det ubundne kjenneord, vert dei bøygde
soleis:
Eintal Fleirtal
Mannkyn. Kvendk. Inkjek. Alle kyn.
rik rik rikt rike


Døme: ein rik mann; ei rik kona; eit rikt
land
; rike menner; rike gjentor; rike jolk.

Merkn. Eintal mannkyn kann enda paa -er, helst i
kvedskap: ein væner blome, ein riker mann. — I mange
maalføre endar fleirtal kvendkyn paa a: ljosa næter, manga
visor;
denne formi er mykje bruka i eldre landsmaalsbøker.


§ 57. Merk: 1. Ord som endar paa t med
konsonant framanfor eller paa -ut fær ikkje nokon
ny t i inkjekyn: svart hatt; eit svart klæde.

2. I ord som endar med d, fell d i eintal
inkjekyn saman med t til tt i uttalen: hard, hardt;
blid, blidt. — Naar d ikkje høyrer til roti, men er
sjølv ending, fell han burt framanfor t: bygd, bygt.

3. Ord som endar paa vokal, fær tt i eintal
inkjekyn: ny, nytt; fri, fritt; blaa, blaatt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free