- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
23

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Eigenskapsordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

re og i høgstegraden —st, og ljodbrigdar
vokalen (§ 25):
ung yngre yngst
stor større størst
lang lengre lengst


Soleis: faa, høg, smaa, tung, og stundom:
djup, fager, grov, haag, laag, trong (trengre).

Merkn. faa kann ogso hava: faaare, faaast.

§ 64. Nokre ord lagar gradformerne av ei
onnor rot enn grunnformi: god, betre, best.

Merkn. Slike uregelrette ord er: vond, verre, verst;
liten, mindre, minst; mykjen, meir, mest; mange, fleire, flest;
gamall, eldre, eldst.


§ 65. Nokre eigenskapsord finst berre i
høgregrad og høgstegrad: indre, inst.

Soleis: ytre, ytst; nedre, nedst; øvre, øvst; like eins:
attare, fremre, nørdre, søre, øystre, vestre. — Berre i
høgregrad: høgre og vinstre. — Berre i høgstegrad: einast.

Merkn. Nokre eigenskapsord hev ikkje serskilde
former for høgregrad og høgstegrad, t d.: krokut, framand,
spakvoren.
I desse tilfelli kann me umskriva høgregraden
med meir og høgstegraden med mest: meir krokut, mest
krokut.
Soleis med alle ord paa -ut.


§ 66. Høgregradformerne er ubøygjelege
(rikare, lengre); høgstegradformerne paa —ast og
formerne paa —st vert bøygde som vanlege
grunnformer, so nær som i nokre tilfelle: han er (den)
yngste sonen; han er yngst (men ogso: dei er yngst).

§ 67. Eigenskapsord kann me stundom bruka
i den bundne formi utan avmerkjingsord
framanfor: hugen dreg halve lasset. Han er ikkje beste

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free