- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
28

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Kjenneordi - Gjerningsordi eller hendingsordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Kjenneordi.



§ 79. Det ubundne kjenneordet nemner
tingen som uavmerkt, og heiter ein. Det vert
bøygt i kyn: mannkyn ein, kvendkyn ei, inkjekyn
eit: ein baat; ei aar; ett segl. — Det finst ogso i
fleirtal eine: dei fer som eine galningar.

Merkn. Framfor talord med tydingi »paa lag«,
»kringum« alltid ei: ei trettan fjortan; ei aatte stykke.


§ 80. Det bundne kjenneordet, som nemner
tingen som avmerkt, heiter den framfor
eigenskapsord, og vert bøygt i kyn og tal: den store fossen;
den lengste visa; dei gamle federne.

Merkn. Det bundne kjenneordet er etter sitt upphav
same ordet som det peikande pronomen.


§ 81. I lag med namnordi hev det bundne
kjenneordet vorte upp i ei ending (mannen, soli,
huset
), og er soleis avgreidt fyrr med yversyni yver
namnordi.

Gjerningsordi eller hendingsordi.



§ 82. Me kann tenkja oss at ei gjerning
gjeng for seg no, eller at ho hev gjenge for seg
fyr
r, eller at ho vil koma til aa ganga for seg
ein gong i framtidi. Me skil etter dette millom
tri tider: notid eg skriv, fortid eg skreiv,
framtid eg vil skriva. Gjerningsordet hev i norsk
liksom i mange nærskylde maal serskilde former berre
for tvo tider: notid og fortid.

Merkn. Notidformi vert ofte bruka um framtidi: han
kjem imorgon.
Framtidformi vert elles skapa med
samansetning, anten vil eller skal. Like eins er det med dei andre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free