- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
44

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sætningslæra

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

setningsled, som segjer kva gjerningi verkar paa:
han selde baaten. Denne setningsleden kallar
me objekt (motled).

Merkn. 1. Stundom kann ogso eit upaaverkande
gjerningsord hava eit objekt, helst av same roti som
gjerningsordet: liva eit fagert ungdomsliv.

Merkn. 2. Nokre gjerningsord hev eit tvifelt objekt:
han kalla guten ein sæling.


§ 128. Sume gjerningsord vil ogso krevja ein
setningsled, som syner kven det er for, at
gjerningi gjeng for seg: han gav oss ei bok. Denne
setningsleden kallar me personsobjekt (sideled).

Merkn. 1. Slike gjerningsord er: bjoda, borga, byggja,
etla, fortelja, gjera, gjeva, laga, laana, lova, meinka, neitta,
retta, raada, senda, segja
o. s. fr.

Merkn. 2. I dei maalføre som hev dativ (sidefall), fær
sideleden denne formi: ho gav gutom mat.


§ 129. Setningi kann endaa faa ymse
utfyllingar, som nemner anten tidi daa gjerningi gjeng
for seg: eg kjem i morgon; eller staden der ho
gjeng for seg: han stod langt burte; eller
maaten, midelet, prisen, maalet: han slo med all si
mag
t
; det kostar fem krunor; eller orsaki,
grunnen, fyremaalet; me hev soldatar til aa verja
lande
t.
(Utfyllingsled, adverbiale).

Merkn. 1. Naar det framfor slike utfyllingar kjem
ein præposisjon, kallar dei det komplement: han for til
Amerik
a.


Merkn. 2. Av andre setningsutfyllingar byr ein merka
seg, at det attaat eit namnord kann verta sett:

1. eit eigenskaplegt ord: fager skog; mange visor; tvo
born; staven min.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free