- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
46

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sætningslæra

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

gjera det, korleis dei skulde taka til med det (maaten).
Det var reint uraad, med di straumen gjekk som
ein foss
(grunnen). Dit kann, dersom du vil
(vilkaar). Det kom ei vindflaga, so at baaten kvelvde
(fylgja). Han venta, so brôr hans kunde verta
med
(formaal). Dei gav seg ikkje, endaa dei var
trøytte
(vedgaaing).

4. Samanlikningssetningar vert
ihopknytte med: som (liksom), enn, di (dess) — di (dess):
han er so god som tvo andre. Island er større
enn Danmark. Di meir han klagar, di minder
fær han
(eller dess meir — dess minder).

§ 133. Setningar som er samanbundne med
sideordnande bindeord, vert kalla sideordna
setningar;
dei kann vera anten hovudsetningar eller
undersetningar. Soleis: hovudsetningar: eg
gjekk, og eg leita.
Undersetningar: mange
meiner at det gagnar eit land mest aa bruka sitt eige
maal, og at det er ei skam aa laana hjaa andre
det som ein eig sjølv.


§ 134. Den regelrette ordsetjing i
hovudsetningi er subjekt, prædikat, sideled, og objekt: ho
gav fuglarne mat.
Vil me leggja vegt paa eit
ord, vert det helst sett fyrst, og daa kjem
prædikatet framfor subjektet: hans meining fekk ingen
vita.
I undersetningi kjem oftast bindeordet fyrst,
og deretter subjekt og prædikat: Gunhild sa at
ho hadde sét byen fyrr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free