- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
47

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Skiljeteikn

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Skiljeteikn.



§ 135. Komma (, striket) brukar me, naar
der er ein liten stans i lesnaden.

Set komma:

1. millom jamstelte leder i setningi, naar dei
hev ettertrykk: han var rik, men ikkje lukkeleg.

2. millom ord i upprekningar, ogso naar det
siste ordet er tilknytt med bindeord: Tunsberg,
Stavanger, Bergen, og Trondheim er gamle byar.


3. millom jamstelte setningar: sume søv seg
til sæla, og sume slæpar seg til armod.


4. etter tiltaleord eller innleidingsord: nei, det
vil eg ikkje.


5. millom hovudsetning og undersetning, naar
der er stans i lesnaden: han vilde ikkje, endaa eg
bad honom lenge.
Men: han vilde ikkje at eg
skulde gaa.


Merkn. Set ikkje komma framfor ei relativsetning,
naar der ikkje er stans i lesnaden: den som visste det, han
tagde.
Men: han bur paa Seim, som er ein liten gard i
Innfjorden.


§ 136. Semikolon (; prikk og strik) vert
bruka millom hovudsetningar, naar der trengst ei
større skiljing enn komma: det er vakkert landskap
aa sjaa til, men falleg skrint og snaudt; det er
berre turre sandmoarne med noko smaatt ryslyng
og skrekling og nokre furor; og naar det ikkje er
retteleg vaat-aar, so skin det av nedpaa der um
sumaren.


Merkn. Framfor men vert det helst sett semikolon,
naar det kjem ei setning med nytt subjekt.


§ 137. Punktum (. prikk) vert sett etter ei
eller fleire setningar, naar ei heil avgrensa meining
er til ende: han var student, og ho var
prestedotter. Han var innpaa dei aatte og tjuge; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free