- Project Runeberg -  Nylænde : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening / 8. aarg. 1894 /
248

(1887)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - No. 19. 1ste oktober - Den frihugade (Aadel Gjøstein)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

248
Og ho reiser ung og varm, lysti paa livsens leik. Leitar etter seg
sjølv, leitar etter andre — gjev og tek imot.
Tek renne og vil skreida yver holken, men dett. Det som fyr
mangei er det krasande slag, gjev henne sitt innhold: det stedde henne
i den verste naud; men drog og dei beste kjenslor fram i barmen.
Den gamle soga um elsk og svik uppatt endaa eingong. Han
gjølar til avhugen er vakt, nyttsr so høvet, kastar seg som ein rans
mann yver henne, syg det friske og væne, stel det beste, ho eig, og
som ein tjuv- stryk han burt, med’ ho sit att i armod.
Menneskje er so mange slagi: Mange hev styvde og krasade ven
gjor, andre er knotvaksne og veikhugade. Der dei er stedde i livet,
vert dei; dei kann ikkje vøla paa nokot, som det er, lyt det vera fram
leides. Nokre faa hev lange, sterke vengjor, som ber dei burt ifraa
smaalige, tronge stader til fritt rom og frisk luft.
Træle-lynnet kann ikkje annat enn krjupa og smjuga, dilta i rova
paa andre. Dei tykkjest ikkje duga til annat og magtar ikkje slita seg
laus utor baasen.
Dei frihugade toler ikkje band og kann ikkje altid sampa seg med
gamle aalmene skikker.
Helder klyva yver gjerde — brjota det ned, um det trengst, enn
aa verta standande attanfyr.
Soleids er Magda. Datt ho eingong, ho reiser seg att. Ved
arbeid og utvikling tek ho att, det ho miste. Hev ho eingong gjort
eit villstig, skal det vera henne som ei skræmsla, ei maning um aa
vakta yver sine grugne lyster. —
Trass i all kamp er livet lettere aa liva no, naar ho hev nokon
aa liva det fyr. Og ho einstirer ikkje fraa seg sjølv.
Magda veit, kven ho er, og veit, kven som hev gjort henne til
det, og kann ikke gjera nokot, som strid imot hennar eigen haat. Ho
ser, kor høgt ho er stegi, og kor laagt dei andre sit. Ho kan hjelpa
dei, gjeva alt, ho hev; men aldri fira seg ned paa so laag ein sess;
ho kann ikkje riva ned, kvat ho i tolv lange aar hev bygt upp. Ho
vil so gjerne spara dei alle, men kann ikkje gaa med paa deira bøner,
kann ikkje selja seg sjølv.
Spelstykkjet endar so vænt og vonfullt: Den gamle stridnakken
vil skjota den frihugade, men magtar det ikkje; han uvitar og andast.
Soleids maa utlivde vaner uvita gamle utturkade skikker andast
og den frihugade styra verdi fram til sæla.
Ho var skamstoli og sulkad; men ho visste aa berga seg korso.
Nylænde, iste oktbr. 1894
Aadel Gjøstein.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Mar 10 14:14:50 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/nylaende/1894/0266.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free