- Project Runeberg -  Ord och Bild / Tjuguandra årgången. 1913 /
425

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Ivar Aasen. 1813—5:te august—1913. Av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IVAR AASEN

425

IVAR AASEN.

skrive eit lite dikt paa bygdemaale sitt,
og han hadde sett attaat ei umsetning
»i Hovedsproget» — paa dansk. No
krävde han, at aalmugesmaale som fyrr
berre hadde lydd hjaa »den ringere
anseede Klasse», skulde bli »vort
Hovedsprog». Og det som samlar desse to
grunntankane til einskap, det er at
folkemaale er det sanne gamle norske; bonden
har berga »vort Nationalsprog» g jenom
dei myrke hundradaara, so naar ein reiser
folkemaale til ære att, gjør ein sann
na-sjonal gjerning.

Aasen vilde ikkje, som Wergeland,
nøgjest med »den lexikalske Berigelse»
fraa aalmugesmaale. Og han vilde ikkje,
som P. A. Munch, ta eit einskilt
bygde-maal og laga det um paa gamalnorsk.
Han vilde bruke alle bygdemaala i lande
til grunnlag for det nye »Hovedsprog».

Sett attaat — bifogat.

Dette var ein ny tanke, — eit
upprørs-krav so djervt som det aldri fyrr hadde
stige fram i maalspursmaale. Liksom alle
dei gamle bygdereisingane imot
embæts-og borgarvelde nett no i 30-aara hadde
samla seg til heil landspolitikk,
bonde-politikk, soleis skulde dei spreidde
upp-taka med aa føre fram bygdemaala faa
sitt samlingsprogram; heile det store
bondefolke skulde fylke seg um eit säms
maalkrav. Det var ein hovdingtanke,
fødd hjaa ein ukjend liten bondegut paa
22 aar. Tanken steig beint upp av
aal-mugen, men var likevel boren av storsyn
som naadde ut yver heile lande og yver
heile den norske historia.

Program — det er lett nok aa sette
upp. Det känn ein drøymar gjøre. Men
det skäl manns vilje til aa føre det fram.
Aasen hadde viljen. Han skjønte det
maatte eit stort granskingsarbeid til, um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:53:14 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1913/0466.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free