- Project Runeberg -  Ord och Bild / Tjuguandra årgången. 1913 /
427

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Ivar Aasen. 1813—5:te august—1913. Av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IVAR AASEN

427

endaa var det ikkje änna enn dansk
gram-matikk han kunde studere, og han kom
ikkje sjølv paa at han kunde gjøre noko
sjølvstendigt arbeid paa dette umraade.
Synskrinsen hans vidka seg ut, daa han
i 1833 fekk lov til aa koma til provest
Thoresen ute paa Sunnmøre og faa meir
upplæring der. Provesten tenkte han
kunde bli student, og las latin og tysk med
han, og det gjekk lett for han aa lære
grammatikk i framande maal. Han var
sjølv ei stund noko tvihuga, anten han
skulde gaa til universitete eller ikkje; men
sistpaa slo han studerings-tankane fraa
seg. Han var for kry til aa ta imot
pengehjélp av framandfolk, og han vilde
heller være ein framifraa mann mellom
bøndene enn ein stakar mellom studerte
folk. Han kunde ikkje faa det til »at
omvænne sig aldeles til en ny Stånd»,
og slett ikkje kunde han tenke seg aa
bli embætsmann; det vilde berre bli ny
trældom. Han vilde »være sin eigen
herre», stelle seg »etter sit eige hovud»,
— være bonde og være fri. Spursmaale
var, köss han kunde faa dette til, —
fatig som han var. So tok han i 1835
ein huslærarpost hjaa ein løytnant Daae
nord paa Sunnmøre, og der kom han til
aa være i sju aar. Her var det den nye
raaaltanken feste seg hjaa han; han skifte
livsmaal.

Fyrr hadde det visseleg vore draumen
hans aa bli diktar, — folkediktar. Og
han hadde skrive haugar med vers; han
hadde beint fram studert diktekunsta.
Men han skjønte etter kvart, at det var
berre verdlaus etterdikting han dreiv
paa med, og i 1836, daa maalgranskinga
hadde fånga hugen hans, sette han seg
paa at han ikkje vilde dikte meir. Fem
aar etterpaa slo han seg paa diktning att;
men daa hadde han faatt eit nytt maal
til aa løyse kjenslelive sitt ut i, og han
kunde dikte ut av seg sjølv, — daa
kom diktinga hans til aa bli so fin

og inderleg, so ho vart ein sann
folkeskatt.

I månge aar maatte han gaa og vente,
fyrr han fekk sleppe til med det arbeide
han emna paa, og mång ein gong vart
han utolmodig. Men han stræva med
aa fyrebu seg so godt han kunde, og
stræve bar frukt. Han lærde seg fleire
framande maal, — græsk, fransk, engelsk.
Og aller mest studerte han gamalnorsk.
I dei »islandske» lærebøkene til Rasmus
Rask fann han vitskapleg stadfesting paa
det som han fyrr hadde tenkt maatte
være so, — at hans eige bygdemaal var
barn av det gamalnorske, og han skjønte,
at her var rette mynstre for det nynorske
folkemaal, — ikkje i det danske bokmaale.
Hjaa Rask lærde han dessutan ein djup
vyrnad for levande talemaal; det nedervde
skriftmaale vart ikkje so helligt for han
lenger.

I 1837 tok han til aa gjøre uppskrifter
um Sunnmørs-maale, i 1839 hadde han
den fyrste Sunnmørs-grammatikken sin
ferdig, og den filte og Stelte han paa ait
i eitt i dei næste aara, — han kunde
aldri faa arbeide sitt godt nok gjort.
Sumaren 1841 vaaga han seg av garde
til Bergen med dette verke sitt, og der
vart han innførd hjaa bispen Neumann,
ein mann som hadde hug for alle gamle
folkeminne. Neumann vart reint slaatt
av den »Orden i Tankegang» og den
»mærkelige Abstraktionsevne» som synte
seg i skriftene til denne bondeguten, og
han skreiv eit heilt bladstykke um Ivar
Aasen. I dette stykke nemnde han to
mann som han tenkte kunde hjelpe Aasen
til aa faa hälde fram med arbeide sitt,
— den eine var ein av dei fremste
men-nene paa romantikk-sida, diktaren lektor
Welhaven, den andre var ein wergelandian,
rektor F. M. Bugge i Trondheim. Og
av desse to var det wergelandianen som
greip inn og gjorde noko. Rektor Bugge
Fyrebu seg — förbereda sig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:53:14 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1913/0468.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free