- Project Runeberg -  Ord och Bild / Tjuguandra årgången. 1913 /
429

(1892-1945)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Ivar Aasen. 1813—5:te august—1913. Av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IVAR AASEN

429

Han var endaa berre 37 aar gamall,
daa han hadde faatt gjeve ut dei to
hovud-verka sine, og sjølvsagt sleppte han ikkje
dermed granskararbeide fraa seg. Surnar
etter surnar var han paa ferding ute i
bygdene, og sterkare og sterkare kunde
han forme ut det som fraa fyrsten hadde
vore grunntankane hans. I 1864 og
1873 kom baade grammatikken og
ordboka i ny utgaave, og no var tittelen
umskift; no var det ikkje lenger tale um
»det norske Folkesprog», no heitte det
endefram berre »Norsk Grammatik» og
»Norsk Ordbog». Det laag eit nytt krav
i dette namne, og samstundes var det
gjort eit skifte i sjølve framsetninga. I
fyrste utgaavene var orda sett upp etter
den forma dei hadde i dei bygdemaala
der dei høyrde heime; i den nye utgaava
var alle orda førd inn under ei
grunn-form, mest i samsvar med den
gamal-norske, og gamalnorske
bøygjings-bok-stavar som ikkje lenger var i bruk nokon
stad, var sett inn att. Det var det
ei-naste P. A. Munch hadde hävt aa laste
i fyrste utgaavene, at dei ikkje heilt
hadde retta seg etter det gamalnorske
maalet. No var dette krave gjenomført;
no skulde det i kvar ein smaating syne
seg, at her var det ikkje tale um berre
ei rekke med bygdemaal, men um aa
»skrive et helt Lands Sprog saaledes, at
det kan stilles ved Siden af andre Landes
Sprog». Tingen var den, at i
mellom-tida hadde folkemaale vorte bokmaal, det
og. »Landsmaale» var skapt.

Det var det som hadde vore
grunn-lage for all maalgranskinga til Ivar Aasen,
— at ein paa alle dei skilde bygdemaala
skulde reise eit nytt norskt skriftmaal.
Han rekna, at paa landsbygdene i Noreg
var det snautt meir enn ein 5 odepart av
folk som ikkje tala aalmugesmaale, og
han vilde, at det store bondefleirtale
skulde sette sitt maal igjenom; daa vart
Snautt — knappt.

det ikkje lenger so djup ei kluft mellom
danings-laga i lande, og ei stor hindring
for folkeupplysninga kom burt. Endaa
fyrr han hadde dei to fyrste vitskaplege
verka sine ferdige, tok han difor til aa
arbeide med ei säms skriveform for alle
bygdemaala, og i 1853 *a nan for fyrste
gong fram prøver paa det »landsmaale»
han vilde samle heile folke um. Han
kunde nok sidan brigde paa einskilde
former i dette landsmaale; men i
hovud-saka vart det staaande slikt som han
den gongen sette det upp. 1853 er
fødselsaare for det nynorske bokmaale.

Det var ikkje noko lett tiltak Aasen
vaaga seg paa, med aa forme eit nytt
bokmaal. So ulikt som bygdemaala paa
månge maatar hadde vakse fram, so var
han tidt nøydd til aa gaa bakanum dei
skilde notidsformene og bygge paa det
säms grunnlage, det gamalnorske. Men
samstundes skulde daa bokmaale være
nynorskt, svåre til levande folkemaal.
Her var umsyn aa ta baade til historia
og til live, og i spursmaale um kva for
eit av desse umsyna skäl vege mest, vil
vel alltid meiningane skifte fraa tid til
tid. Månge synest no, at Aasen la for
stor ei vegt paa det historiske
saman-henge, paa aa hälde upp skyldskapen med
gamalnorsk; men etter den aalgjengde
tenkemaaten i dei dagane maa ein heller
segje, att han vyrde mykje meir paa
levande tale enn ein skulde ha venta,
— han gjorde alltid motstånd, naar nokon
vilde freiste paa aa føre oss tilbake til
gamalnorsk.

Det som mykje meir enn historia
avgjorde formvale for Aasen, det var
tanken paa det »regelrette». Det er paa
nytt den systematiske aanda hans som
viser seg. Vi känn sjaa i meldingane
fraa granskarferdene hans, köss han
mis-likar dei uregelrette austlendske og trønd
ske bygdemaala, men lovpriser dei vest-

Bridge — förändra. Aalgjengde — allmänna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 21:58:44 2016 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/ordochbild/1913/0470.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free