- Project Runeberg -  Ord och Bild / Tjuguandra årgången. 1913 /
430

(1892-1945)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Ivar Aasen. 1813—5:te august—1913. Av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

430

HALVDAN KOHT

lendske for di dei er so regelrette. Naar
det paa Vestlandet heitte ei fura likso
vel som ei sida, ein flöte likso vel som
ein ende, aa blaasa likso vel som aa vita
so kunde ein austafjells og nordafjells
høyre reint eit utal med former: attmed
ei side — ei furu eller foro, attmed ein
ende — ein flot a eller flo taa, attmed aa
blaase — aa vita, vata, vaataa. Her var
samhugen til Aasen alitid hjaa dei
bygdemaala som brukte eins ending i same
tilhøve, — infinitiv alltid paa -a eller paa
-e, mannkjønsord berre paa -e,
kvinn-kjønsord paa -a eller -e. Og naar han
so med landsmaale sitt heldt seg til desse
regelrette bygdemaala, so kunde han
nem-ne to gode grunnar: det vart likare
gamal-norsk, og det vart lettare aa lære. Den
siste grunnen maatte ikkje vege minst
for den som tenkte so mykje paa
folke-upplysninga som han gjorde. Det
landsmaale som han forma ut, vart difor so
regelstrengt eit meisterverk som eit maal
kunde være. Det historiske umsyne kom
sterkast fram i rettskrivinga; han sette
inn nokre gamalnorske
bøygjingsboksta-var som longo var daude (kasta-de, kasta-t,
lite-t). Men stort meir enn dette er det
ikkje ettertida har turvt gjøre um att; i
det store og heile har landsmaale hans
staatt prøva si, — dei brigde som det
endaa er spursmaal um, er for det meste
ikkje i motstrid med sjølve
grunnset-ningane hans.

Steg for steg hadde Aasen naadd
fram til det formaale han hadde sett seg
i ungdomen sin: han hadde faattgranska
ut dei norske bygdemaala, han hadde lagt
dei fram i vitskaplegt samanheng, og han
hadda samla dei i ei säms skriveform.
No galdt det um aa faa denne
skrive-forma i bruk, — aa reise ein bokheim
paa landsmaal. Og paa nytt var det
han sjølv som maatte ta fyrste take. I
1855 gav han ut det vesle spelstykke

Tilhøve — ställning. Bridge — förändringar.

»Ervingen», det fyrste bokverke paa det
nye landsmaale. Og det fekk ein
framgång som han aldri kunde ha drøymt
um; det er visst ikkje noko stykke som
har vore spela so mykje i Noreg, —
ikkje for di stykke i seg sjølv er so godt,
men for di det er so truskyldigt sant,
og for di det inneheld ei rekke med friske
folkesongar, slike som »Her er det land
som hugar meg best» og »Dei vil alitid
klaga og kyta», som lever paa
folke-munnen den dag i dag. Etterpaa og
har Aasen "skapt ymse slike songar, beint
fram klassisk folkelege i form og tanke,
og tar ein fyre seg alle dikta hans, so
er det ein merkeleg stor prosent som
har havt varig livskraft i seg. Han skapte
beint fram ein folkelitteratur; han var
den fyrste egte folkediktaren Noreg hadde
havt sidan Petter Dass.

Ait det store og vigtige i
livsgjer-ninga til Ivar Aasen er fullført i desse
trettan aara 1842 —1855. Det er
verd-fullt nok, mykje av det han gjorde
etterpaa og; men det fører ikkje lenger noko
nytt inn i den norske historia, det berre
bygger vidare paa det fyrste grunnlage.
Granskingane hans naadde vidare ut,
vitskap s verke hans vart større og rikare,
diktinga hans inderlegare og djupare.
Han gav ut norske ordtøke og ei norsk
namnbok, han skreiv paa landsmaal um
alle moglege emne, han var med i
maal-striden, og han hjelpte til med boklegt
maalstræv paa alle kantar. Han vart
ein gamall mann; han døydde ikkje fyre
1896, 83 aar gamall. Han vart ingen
lukkeleg mann; han levde i saar saknad
for ait det som han hadde offra for
ar-beide sitt, — utan heim og hygge. Meir
og meir einsam vart han; han hadde slik
trong til venskap, og han kunde ikkje
finne vener i det framande samfunde
han maatte leve i.

Men det var magt i gjerninga hans;

Ordtøke — ordspråk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 21:58:44 2016 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/ordochbild/1913/0471.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free