- Project Runeberg -  Ord och Bild / Tjuguandra årgången. 1913 /
431

(1892-1945)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Ivar Aasen. 1813—5:te august—1913. Av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IVAR AASEN

431

den vann friskare og friskare liv, og lokka
fleire og fleire til seg. Kva meining ein
so har um det norske maalspursmaale
no, so känn daa alle sjaa, at med Ivar
Aasen kom ei ny tid i norskt aandsliv.
Det var stengde livskjelder som vart öpna;
ait folke fekk kjennskap til ein ny
nasjo-nal rikdom som det kunde nytte etter
beste hug; eit heilt nytt samfundslag
fekk aandeleg utløysning. Ein känn segje
at ait dette kom i siste liten; bøndene
heldt paa aa legge burt den heimlege
prydkunsta si, dei gløymde dei gamle
visene, dei vanvyrde dei gode norske
folkenamna sine, dei reiv ned stavkyrkjer
og fine gamle stover, — det var liksom
heile bondekulturen skulde bli lagt i øyde.
No hadde dei vunne att den politiske
sjølv vy maden; det galdt um aa vinne att
den aandelege og, og til det hjelpte Ivar
Aasen meir enn nokon annan.
Maalstræve hans var ein naturleg led i den
norske folkeframgangen. Berre difor kunde
det bli slik ei magt i lande. Og kor
mykje lærde folk provar, at landsmaale
er »kunstigt», eit »papirmaal», so hjelper
ikkje det imot den store livsens røynsle,
at vide krinsar av det norske folke har
kjent seg naturleg heime i dette same
landsmaale. Det gjeld her ein livsstrid,
ikkje ei teoretisk trætte.

Men det hende noko underlegt. Just
samstundes som bondepolitikken skulde
til aa vinne dei største sigrane sine,
rei-ste det seg nye samfundskrav som snart
skulde sprenge heile bondepolitikken, —
det var arbeidarrørsla av 1848. Ogden
maatte reise eit nytt spursmaal for
maalstræve og. Baade bondepolitikken og
maalstræve bygde paa den store
motset-ninga mellom by og land, som dei
historiske vilkaara i Noreg hadde skapt; det

Provar — bevisar. ■ Røynsle — erfarenhet.

var bondestriden imot borgaren og den
borgarlege embætsmannen som hadde
vore livsemne i den norske politikken.
Arbeidarrørsla sprengde desse grensene,
og vilde samla underklassa i by og paa
land imot yverklassa, baade borgarer og
bønder. Det var eit umslag i heile
politikken; bøndene kløyvde seg paa
arbeidar-spursmaala, og det som hadde
vorebonde-politikk, vart til folkestyre-politikk,
vinstre-politikk. Men köss skulde det gaa med
maalstræve ?

Det kom ikkje so fort til aa ta
spurs-maale upp, og i grannen har det ikkje
gjeve svar paa det endaa. Ivar Aasen
rekna ikkje bymaala for norske, og han
vilde ikkje ta stort umsyn til dei
»skjem-de» maalføra paa flatlande austpaa. Men
Noreg er ikkje lenger berre bondeland;
arbeidarklassa staar snart jämsides med
bøndene i magt. Köss känn det daa bli
raad aa sette reint bondemaal igjenom?
Personleg trur eg, at likso væl som
bonde-politikken hadde evne til aa läge seg um
til folkestyre-politikk, likso væl har
lands-maalsstræve magt i seg til aa bli
folke-maalsstræv. Eg trur at ein berre
full-fører grunntanken til Ivar Aasen, um
ein vidkar han ut, so han känn ta med
ait levande folkemaal i lande. Men dette
er no det store, brennande livsspursmaale
for maalsaka, og känn ho ikkje greie
det, so er det ute med landsmaale. Daa
bli gjerninga til Ivar Aasen berre eit
mel-lomspel i den norske historia, —
merke-legt og vigtigt i månge maatar, men
like-vel berre mellomspel. Eg trur verke hans
har ei større framtid; eg trur det skäl
hjelpe til aa samle det norske folke fraa
øvst til nedst i ei samkjensle som varer
alle dagar. Det var den store draumen
som dreiv Ivar Aasen sjølv i arbeide
hans; det er den som lever etter han
og held verke hans uppe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jul 3 21:58:44 2016 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/ordochbild/1913/0472.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free