- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettionde årgången. 1921 /
429

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Arne Garborg 1851—1921. Av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne G ar b o r g

Arne Garborg 1921.

aa selja alt han eig og gjeva det til dei
fatige, og til sjölv aa flytta ut paa
Kvern-husheii og berre leva for aa gjera godt
mot sine medmenneske. Jamvel for den
hugsaare, livströytte broren har han tröyst
og hjelp (»Den burtkomne faderen»),
og syner han at livet er eit ugrundande
mysterium, som naar me ser biomen
veksa upp og faa dei herlege blomane
og fine angen utan at me kann tyda
den inste drivande krafti i dette. Gud
er ikkje den strenge lovguden, men den
kjærleiksfulle far vaar, og Kristus er
bror vaar som vil hjelpa oss og rettleida
oss med sine reine etiske bod. Garborg;
har sjölv freista syna oss han slik som
han no fann han, frigjord fraa alle
teologiske paaheng (»Jesus Messias»).

I sume av dei seinare bökene sine,
og serleg i månge stykke i blad og

Sume—somliga. Rökja etter—undersöka.

tidskrift har han dryft mykje
samfunds-ökonomiske problem og rökt etter dei
uhepne ökonomiske höve det er i landi,
med fatigdom og tyngslor og store
skattar og eit misnögt arbeidarproletariat.
Ei hjelp til aa löysa ymse vanskar
meiner han at ein har funne i Georgeismen
og grunnverdskatten, og han har öfra
mykje arbeid paa aa gjera dei tankane
kjende. Han har ogso freista finna
raa-der til aa faa eit meir sant folkestyre,
og ikkje som no i röyndi eit
faamanns-styre ved den harde politiske
partitrældomen det er.

Men äller sterkast har han freista
aa vekkja kjærleik til heimejordi og
jordarbeidet. Han har gong paa gong halde
fram den usæla det fylgjer med aa gjeva
upp heimegarden, aa fara fraa heimbygdi
og verta ein træl for andre i framande

Uheppen—olycklig.

429

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:58:00 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1921/0473.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free