- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
370

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sjunde häftet - Aforismer. Av Kristofer Uppdal

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristofer Upp dal

Dei unge.
i.

Sume er som andungar paa svartdjupt
vatn. Dei prover aa dukke under. Men
er for veike, og flyt uppaa.

Og månge blir som andungar ali si
tid.

2.

Den yngste ættleden var ikkje til,
daa den gamle naadde högda. Og han
lever helst i den galne trua, at det som
var fyre han, naadde ikkje upp.

Ny br o t sm änne n.

Nybrotsmannen, i strid for noko nytt,
löynest i den blaae, vaate eim som er
byrjinga til det nye.

Eimen fraa skapinga kverv, naar alt
er ferdig.

Og daa ser du nybrotsmannen, og du
veit ikkje at han har vore
nybrots-mann.

Du ser eit ferdig arbeid, og ikkje
nybrotet.

Eit brennande ljos.

Eit brennande ljos er vent. Det lyser
for oss.

Men brenner seg sjölv upp med aa
lyse, enddaa det lyser ikkje for seg
sjölv.

Dei store aander er brennande ljos
og lyser for oss
til dei langsamt brenn ut.

Ku n s t.

Kunst er som oftast kunstig. Men det
hender at kunst er livande. Og daa
udöyande.

Kunst er sjela i blöming.

kverv — forsvinner,
vent — vakkert,
udöyande — udödelig.

Det ein tek farvel med —

Det ein tek farvel med, er ein
hjerteleg mot.

Det nye held ein i höveleg avstand,
og prover det, innan ein slepper det
for nær.

Vinn ein kunstnar full siger med ein
gong, er han helst ikkje noko nytt, men
eitkvart ein tek farvel med.

Vis m a n n e n.

Vismannen er herskar i alle rike og
slott.

Og som herskaren har han nyklane
til alle læste rom, og han læser upp
dorene for oss.

Vi stig inn, og slaar stundom att
dörene efter oss, og faar dei ikkje upp
meir.

Og månge av oss kjem aldri ut att
til oss sjölve.

Livet.

i.

Einast han, som kan gjeva livet, har
rett til aa eige det. For det ein kan
gjeva, det eig ein.

2.

Så mykje vent er det i livet, og
tenkte du paa kor stutt det er, livet
ditt, so vann du ikkje meir enn aa njote
det vene, og fekk ikkje stunder til aa
sjaa det vonde.

3-

Bra folk er som kvite, uskrivne blad.
Dei fortel ingen ting um seg.

stutt ■
vann

kort.
■ kunde.

370

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0406.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free