- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
653

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristofer Upp dal

Samstundes legg Uppdal her fram
disposisjonen for resten av verket. Hans livs
uppgaave vart aa syne fram denne rekkja
med kameratar fraa annleggslivet, som han
nemner upp her. Syne korleis dei i blinda
stormar fram or myrkret og villskapen og
inn i dagen og ljoset, blir blinda paanytt,
og leitar seg fram mot ei ny livsvurdering,
og eit nytt samfund. Ein strid som dei
fleste gaar seg ville i, avdi dei er for veike
paa kropp eller sjel, men som nokre faa,
sterke mognast og herdest til jarnmenneske i.

Med den næste boka, »Trolldom i lufta»
(1911), skaper han sin fyrste eigenlege
rallarfigur. Öllöv Skjöllögrinn er
naturmennesket som lever blindt, driven av sin ville,
jordbundne livshunger. Han reflekterar aldri
over livet, ser ikkje, som Rambern, seg
sjölv i höve til medmenneska. Uet er ikkje
tanken og synene som driv han fram, men
ein ulmande botn av löynde drifter og
instinkt. Naar han ein sjeldan gong stanar
i rennet, og livsrusen davrar litt, kan det
nok hende det sviv fyre han eit ynske um
at livet hans kunde og burde vore annleis.
Men det blir aldri so sterkt at det skaper
nokon vilje til frigjering. Framfyre han
staar biletet av Margaat, som han elskar,
men ikkje har nokor von um aa faa. Det
er berre som ein orm i sjela hans, som
valdar uro, og driv han fram gjenom
myrkret, heimlaus, rastlaus og fredlaus.
Likevel er det draumen um Margaat, denne
eitersviden i blodet, som bergar han fraa
undergang. Den tvingar han til uppreist
mot kameratflokken, naar denne vil eta han
upp, vil tvinge han til aa dele dei siste
slantane sine paa den svoltne og sprittyrste
rallarhopen. Daa bryt det braatt upp eit
urgamalt instinkt i han, medvitet um at
livet er ein strid for aa berge seg sjölv.
Med eit kast sprengjer han flokken, slaar
ven som fiende, og legg til fjells paa
heimveg. »Skal ein berge seg, so faar ein gaa
eigne vegar,» murrar han med seg sjölv.

»Trolldom i lufta» er kanskje den
friskaste og livfullaste av Uppdals romanar.
Det er ei knapp skisse, eit skarpt, reinskore
bilete av eit ungt sinn i gjæring og strid
for aa vinne klaarleik over seg sjölv og
tilværet. Han vinn ikkje langt paa veg.
Driftene held han bunden i trollham, og

hindrar vidare mogning og utvikling. Mange
aar etterpaa möter vi han att i
»Domkyrkje-byggjaren», som den mogne og ferdige
mann.

Etter »Trolldom i lufta» fylgjer
»Röy-singfolket» (1914). Her held soga um
Sjugurd Rambern fram, hans samliv med
Innbranna, og hans strid med faren hennar,
Staal Staalson. I han er den byrge og
sjölv-trygge, konservative odelsbonden
karakterisera. Med han gaar ei gamal tid i grava,
og med Rambern stig ei ny fram. Staal
hadde nok med seg sjölv og sine, alt
som hadde eit vidare maal enn ætta
og garden, var ukjent og uskyneleg for
han. Rambern maa ha ein vidare
yrke-krins. Ætteansvaret er for honom ikkje
avgrensa i sjette eller sjuande led, det
fem-ner um klassen og um landet. Han hjelper
kameratane fraa rallarstigen til jord og
heim, og freistar soleis stagge dei i rennet
fram mot avgrunnen. Paa denne maaten
faar han sjölv knytt samband millom
bonden og rallaren, arvtakaren av det gamle,
og nyskaparen i seg.

Med »Röysingfolket» fullendar Uppdal
fyrste parten av romansyklusen. Den parten
ein med eitt ord kunde kalle »attervendinga
til jorda». Med denne boka viser han ein
veg »ut or myrkret». Ved aa gjera
Rambern til stortingsutsending fraa arbeidarane
har Uppdal freista knyte denne parten av
verket saman med den næste:
uppbygg-jinga og utviklinga av
arbeidarsamskipna-den som politisk maktfaktor i samfundet.
Men noko indre samband i verket naar
han ikkje paa denne maaten. Ramberns
karakter, sovel som hans löysing av
problemet staar aaleine og avgrensa i verket.
Han utgjer ein ættled for seg sjölv. Han
er bindeleden millom gamalt og nytt,
modifikasjonen av det gamle, og sjaa-aren og
innleidaren av det nye.

IV.

»Röysingfolket» staar i konstnarleg syn
og grunnstemning heller einsleg i Uppdals
produksjon. Den harmoniske, mest idylliske
stemning boka endar i, staar i röynda langt
fraa det sentrale i hans livskjensle. Sjölv

Höve — förhållande. Davra — lugna sig. Sviv —• svävar. Murra — mumla. Yrkekrins —
verksamhetskrets. — Stagge — hejda. Sjaa-aren — skådaren, siaren. Röynd — verklighet.

653

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0711.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free