- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
654

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Olav Dalgard

har han vel og kjent at han her heldt paa
aa koma noko paa sida av seg sjölv. Det
var andre hugdrag, enn dei som kom til
orde her, som krävde dyrking og utlöysing.
Berre av denne grunn kan ein forklaare
seg den braae snunaden, som no gaar for
seg i hans dikting. Med »Röysingfolket»
legg han fyrebils romanen paa hylla i tre
aar, og nöyter i denne tida ali kraft i
lyrikken.

Her sökjer han no inn paa nye vegar,
baade i innhald og form. Han forlet heilt
den folkelege, frödingske melodi, med
rallarlivet til motiv, og sökjer emne i seg
sjölv, i si eiga personlege utvikling og
mogning. Han dyrkar naturen, som för.
Men ikkje for aa skildre han og gle seg
ved han. Han möter han no, som ein
fullblods romantikar, for aa röyne sitt eg,
og maale sine kjenslor og stemningar inn i
naturens former og fargar. Han stig fram
som eksklusiv venleiksdyrkar, og heilrend
natursymbolist. Serleg gjeld dette »Snörim»
(1916), og nokre dikt i »Solblöding» (1918).
Mest typisk er »Vidda» i den sistnemnde,
ein sonettekrans i ti dikt, der han paa ein
storfeld maate freistar rita si andlitsbragd
inn i eit stykke död natur under dei
skiftande aarstider. Men trass dei storslegne
bilete diktet eig, lukkast det honom
likevel ikkje heilt. Den marmorkalde
objektivitet som diktet traar etter, ligg synbert
ikkje for hans lynde og givnad. Hans eige
eg maa ha breidare rom, og meir direkte
slagkraft.

Det faar det fyrst i diktet »Saurosskratt»,
hans fyrste dikt um »geniet», um vanvitet,
som han sjölv kallar det. Her slaar han
vrak paa ali estetisk objektivitet. Han staar
fram som bekjennaren, utan sminke og
utan kulissor:

Ja no veit eg det.
Eg er ein Sauros
som aldri döyr.
Klörne mine krökjer seg,
röter seg

i det graavaate, formlause
i Morgon-morgonen.
Og Horntindane mine
lyfter seg
or Natta

og det store Myrkret
som renn ut or alle tider.

Eg er ein Sauros.
Og min Skratt

er Hornvengjene sine Dunkar
mot Stjerneklokkune.

Geniet er for Uppdal mennesket som ber
minnet um verdsskapinga löynt i hugen,
og som i visse augneblinkar i livet sitt blir
heilt braateken av medvitet um denne, slik
at det kjenner seg aa vera »fraa æva og
til æva». I slike stunder naar mennesket
den högste form for liv. Det ser livet fraa
den högste tinden. Men det kjenner og
samstundes si eiga avgrensing, kjenner pina
og angesten ved den. Andsynes æva er
alle menneske like smaa og hjelpelause.
Alle freistnader paa aa tyde ho er steg mot
vanvitet. Resultatet blir famlande steg i
kolmyrkret, og totalkjensla det fælslege og
ögjelege: skriket. Men er mennesket sterkt
nok og stort nok til aa stande rak ved
stupet, kan same avmaktskjensle mynne ut
i ein vedunderleg logn fred, »den store
blikstille einsemd».

Den store blikstille Einsemd ender
i isblaa Æve og Allheimskvelvar
og fylgjer Bana der Soler brenner,
der Klotar vaknar i Stjerneeivar.

Har ein naadd denne fred, lyfter ein
panna mot döden utan aa skjelve:

Einsemd byggjer seg upp eit Lidskjalv

der Mannen ut over Verda skodar,

mot forne Dagar

som longo ut har runne,

mot ufödd Framtid

som skjelv i barntung Æve.

Einsemd romar alt Livsens Upphav,
alt Emne til Liv
som Liv skal föde.

Einsemdskjensla, som den fortærande og
öydande, men over alt skirslande og
hög-jande makt, blir i dette belet det store og
alt overskyggjande problem i hans dikting.
Ho svingar hans sjel fraa himmel til hel,
fraa sjölvutslettande, audmjuk resignasjon,
til patetisk overmenneskerus.

Denne brytning gjev seg typiske utslag
i sine polare motsetningar i dei tvo dikta,
»Altareiden» og »Isberget». Det fyrste eit
skriftemaal i stum kvide framfor Jahves

Snunad — vändning. Venleiksdyrkar—skönhetsdyrkare. Heilrend—helgjuten. Storfeld—storslagen.
Rote seg — slå rot. Hornvengjene — hornvingarna. Braateken — överrumplad. Æva — evighet. Fælsleg—
förfärlig. Ögjeleg — hisklig. Einsemd — ensamhet. Allheimen — universum. Kvelv — valv. Skirslande — renande.

654

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0712.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free