- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
658

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Olav Dalgard

Skjöllögrin. Han er ikkje lenger den same
robuste, livssterke Öllöv, som vi lærde aa
kjenne i »Trolldom i lufta». Han fekk ikkje
Margaat som han dröymde um her, men
i staden den livsglade og herskesjuke
Am-björ. Han er vorten veik og vinglande i
livsviljen, har mist trua paa sitt eige liv,
og tröystar seg med filosoferingar og
bibelord. Men ein stor tanke har fanga han:
aa samle alle rallarane til sams tak for
eit nytt samfund, som skal reise ein
dom-kyrkjekvelv over deira liv og yrke. Han vil
stanse dei i rennet mot avgrunnen, slik som
Sjugur Rambern, og svinge kreftene mot tru
og daad. Denne tanken er det som fengjer
Törber, og reiser ett nytt ideal for han. Og
med ali sin ungdoms eldhug hiver han seg
inn i arbeidet for aa gjera det til röyndom.

Han merkar likevel snart at Ollöv ikkje
er so stor som han dröymde um. Bresten
i Öllövs karakter, som i röynda er utslag
av brytinga millom rallaren og
samfunds-byggjaren, ter seg for Törber som ein
utilgje-veleg veikskap. Daa han vert vis med at
Öllöv er skyldig i kassesvik, grip eit
for-tærande mismod han, som trugar med aa
slökkje ali tru paa Öllövs draum i han.
Dei nye menn, som syrgjer for aa faa Ollöv
i fengsel, for sjölve aa faa makta, viser
honom likevel at Öllövs draum er ein
kongstanke, som det er verdt aa stri for. Dei
er drivne av sjölvhug og makthækne,
mak-tar ikkje aa skapa noko nytt. Med skarpt
auga er den slöge taktikaren, advokat
Sibbern, overklassemannen, med dei fine
manerar og den logne ironi, stillt fram.
Hans aandsbror, ungsocialisten Eskilson,
er ogso teken paa kornet. For Törber vert
alltid desse menner staaande som eit ulöyst
problem. Dei kjenner ikkje, og tenkjer ikkje
som rallarane. Dei er ikkje fyllt av ein
stor tanke, slik som Öllöv. Dei har so
månge og innflökte tankar um alle ting,
og dei har so lett for aa skifte meining um
eitt og hitt. Han nemner dette for Öllöv,
og denne syner han skilnaden millom seg
og dei: »Eg er so voren at eg lyt taka
alt av meg sjölv. Trur mest du og Törber
er slik. Bokstavar er ikkje til for meg.
Men sume — og Eskilson millom dei —
faar forminga og filinga fraa bokstavane.
Bokstavane er ei maskine som skruvar det

rette skap paa dei. — Eg og du, vi lyt
laga oss sjölve ut fraa midten, fraa aasen
i oss. Ut og ut. Eg og du, vi er som ein
sandbanke i sjöen, vi veks upp og blir
större rundt um. Etter som veret staar paa
oss, og skyljer fraa dyptene upp til oss. —
Vi stig som ei syngjande klote, ho held
paa samle seg og dreg til seg.»

Med desse ord er grunnmotivet for dei
tvo siste böker, »I skiftet» og »Herdsla»,
stillt fram og pointert. Motsetnaden millom
desse tvo karaktertypar er for Uppdal
ho-vudgrunnen til den indre strid og klöyving
som har gjort seg gjeldande innum
arbei-darrörsla i dei siste aar. Rallaren, den
primitive mennesketype er trengd i
bakgrunnen av menn av Sibberns og
Eskilsons type. So hissig og uforsonleg rasar
denne striden at alle draumar um
dom-kyrkjebyggnaden kverv. Öllöv staar paa
fraastand og ser sitt verk gli sund, og han
tyder grunnen slik: »Det er synd i dei
som skal vera domkyrkjebyggjarar no um
stunder. Folket eig ikkje den heilage tru
som skulde vera stillaset aat byggjaren . . .
og so ryk det i koll.»

Denne replikk gjev i ein braaglytt
Törber Landsems lagnad. Skorten paa tiltru,
ovanfraa og nedanfraa, driv han inn i seg
sjölv, isolerar han, og tvingar han inn i
ei blindgate som endar.i tvilens vanmod.
Ein merkar at denne krisa ikkje er berre
Törbers, men Uppdals eiga. Han har enno
skapnaden paa for nært hald til heilt aa
kunne meistre han. Det har han sikkert
sjölv kjent, og av den grunn gjeve han upp
til fordel for ein ny skapnad, diktaren
Audun Rambern. I stum trass reiser han
i denne sitt eige bilete paa toppen av
stillaset til sin uferdige domkyrkjekvelv. Og
i dette sjölvportrett tegjer han ikkje med
noko. Han opnar dorene til sin verkstad
og sitt hjarterom, og let oss til fullnads
sjaa den öydemark av fatigdom og saknad
som umgjev konstnären, naar han skodar
sitt verk, og veit at det berre er ein skugge
av dei draumar og lengslar som födde det.
I slutningsdiktet, »Mot Glittertind», kjem
denne stemning til fullt uttrykk. Det vert
ikkje som det var dröymt, eit »Seid
um-schlungen Millionen», men ei hymne i
resignasjonens saare kvide.

I staden — i stället. Makthækne — maktlystnad. Slog — slug. Logn — lugn. Innflökt —
hoptrasslad. Voren —- beskaffad. Skap — skapnad. Aas — axel.

"658"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0716.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free