- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiofemte årgången. 1946 /
218

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Femte häftet - Fire dikt. Av Haldis Moren - Vegen 1942 - Granne - Det burde vel vera ansleis

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Haldis Moren

Spor etter föter som her har trödd —
böyg deg, å böyg deg mot dei!
Blod er i vegen. Dei som gjekk her
er dei som har svara nei
til mörkret, den gangen det kom med
krav.

Dyrt vart visst alltid det svar.
Du stirer i vegen. Först dimt, så sterkt
stig lys opp frå deira far!

Det er som om grunnen her drakk inn
lys

frå dei, da dei over han steig.
Og glansen frå vegen som dei har trödd
er einaste lyset vi eig!

Det lyset skal mörkret aldri få slökt.
No går vi med trygge steg.
Vi skal ikkje vingle. Der dei gjekk först,
der går ■— snart ein ålmannveg.

Granne

Eg lengtar så etter deg, granne!

Ditt tun låg jamsides mitt.

Vegen oss mellom fekk aldri

gro att, vi gjekk han så tidt.

Open låg leia. Vi visste

snaudt av slikt som gjerde og grind.

Gardane side om side

låg tok imot sol og vind,

i gode og vonde dagar

det same for din som for min.

Såg eg deg, granne, i auga

— det var som mitt eige: blått —

handtokst vi, kjende vi båe:

i mellom oss er det godt.

Likt ser så like augo:

det som var god skikk hos meg,

det som eg högast sette

naut og all ære hos deg.

Lett, ifrå hjarte til hjarte,

fann orda — så like! — veg.

Å granne, sökt ligg han i skodda
for auga mitt, heile din gard!
I vegen som förer fram til han
får eg ikkje sette mitt far.
Eg ser ikkje röyk meir frå åren,
hell sol som i rutene brenn,

eg stirer til auga tårast,
men får ikkje skimten enn
av deg eller ditt å eg lengtar
så etter eit handslag, ven!

Eg veit der er stengde grindar
i mellom, og gjerde og mur.
Eg undrast så på koss du lever,
og korleis du tenkjer og trur?

Å gjev snart den skodda laut lette
så fram att kom himmel og jord!
Eg lengtar å möte deg granne!
Eg lengtar så etter deg, bror!

Det burde vel vera ansleis

Det burde vel vera ansleis —
og det trur eg nok: at röynest det på,
eg gir deg i hende det drepande stål
og seir deg roleg: Gå. —

Men likevel, når vi er saman
og stilla i kring oss er djup og god
— da takkar eg Gud at dei hender som

stryk meg
aldri har aust ut blod. —

218

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:10:46 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1946/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free