- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiosjunde årgången. 1948 /
466

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Ein norsk arbeidardiktar. Av Rolv Thesen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rolv Thes en

store romanserie »Dansen gjenom
skugge-heimen» møter vi bønder som rykte sine
røter opp or den heimlege jord og vandra
ut i verda, til byar og industrisströk. Dei
måtte ut og finna nytt livsrom, og gjekk
inn i eit nytt samfunn, heilt ulikt det
bygdesamfunnet dei kom ifrå.

Jämsides desse meir og mindre rotlause
utvandrarane, møter vi også den endå meir
rotlause rallaren, som spela så stor ei rolle
i norsk arbeidsliv for eit par mannsaldrar
sidan, i tida før arbeidarane mannjamt
organiserte seg og skipa fagforeiningar.

Denne typen møter vi ofte i >,Dansen
gjenom skuggeheimen». Men Uppdal var
ikkje den förste som skildra denne typen
i norsk dikting. Den første var
nordlendin-gen Andreas Haukland, som var litt eldre
enn Kristofer Uppdal; han ville, om han
hadde levd, ha fylt 75 år i oktober dette
året.

Kristofer Uppdal er trønder, av gamal
god bondeætt inst i Trøndelag. Men alt
faren — som elles enno lever, over 90 år
gamal, og som nyst vitja dotter si i Belgia —
braut ut or bondemiljøet og flytte til den
vesle byen Steinkjer i Inn-Trøndelag.
Dermed var samanhengen med jorda broten,
og det er dette som skaper den sosiale
bak-grunnen for Kristofer Uppdals dikting.
Han vart ein »vandrar», ikkje i hamsunsk
og romantisk tyding, men ein vandrar —
først og fremst i sitt sinn — mellom to
miljø, det ekte, tradisjonsbundne
bonde-miljøet i Inn-Trøndelag og det framande,
som først var eit bymiljø, men snart vart
eit anleggsmiljø eller industrimiljø, der han
møtte dei typane og den mentaliteten som
gav han tilfang, emne, til den store
romanserien.

Men vil ein peika på bakgrunnen og
føresetnadene for Kristofer Uppdals dikting,
må ein også nemne den ting at han i
ungdomen hadde samband med
folkehøgsku-len; først gjekk han på folkehøgskule her i
landet, så i Danmark — på Askov folke-

høgskule. Mot denne bakgrunnen må ein
forstå det sterke nasjonale innslaget hos
denne »proletardiktaren», eit innslag som
er serleg sterkt i den vesle artikkel- og
essaysamlinga »Andedrag»; her møter ein
den sterke historiske sansen hos Kristofer
Uppdal, hans evne til å sjå »fotsteg etter
soga».

Men hans nasjonale interesse synte seg
også i, at han alt frå første stund valde
nynorsken (»landsmålet») som sitt
diktar-språk, og dyrka det med stort alvor,
samstundes med at han fann fram til sin eigen
sermerkte stil, til ein ekte trøndsk rytme.

Den eldre generasjon trønderdiktarar —
som Johan Böjer og Peter Egge — hadde
skapt sitt diktarspråk ved å føra dialekten
sin inn i »riksmålet» (bokmålet). Med
Kristofer Uppdal og Olav Duun kjem nynorsken
for alvor i bruk i trøndsk dikting, endå
dette språket hittil hadde vori eit slag
»vest-landsmål» (noko som månge trur det er den
dag i dag, endå det i det siste har fått sine
fleste store diktarar frå Trøndelag,
Gud-brandsdalen og Telemark).

Trass i det at Kristofer Uppdal er av
gamal trøndsk bondeætt, synest det vera
den rotlause rallaren som —■ av alle dei
ulike menneske vi møter i diktinga hans —
har stått hjarta hans nærast. Han har
tydelegvis elska denne typen. Og det kan
ein forstå. For rallaren har den stolte
sjølv-kjensla, den sterke fridomstrongen og den
rauste rikdomen som Kristofer Uppdal set
serleg høgt og hyser den aller største
vyrd-nad for. Det vitnar all hans dikting om.

I siste bandet av romanserien er det eit
hyllingsdikt til rallaren. »Songen om
rallaren», heiter det. Det er ein karakteristikk
av rallartypen. Eit mektig dikt, med
perspektiv som eit av Edvard Munchs bilete i
universitets-aulaen. Rallaren stig fram or
natta, naken i sin styrke. »Han er den
fri-domsbyrge trass. Han andar einast i full
fridom», står det. Stor og ruvande går han
fram, hard og usårleg, han er som sjølve

466

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:11:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1948/0514.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free