- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiosjunde årgången. 1948 /
468

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Ein norsk arbeidardiktar. Av Rolv Thesen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rol v T h e s en

beidaren og dei motsetningane som melder
seg i arbeidar-flokken då arbeidarane må
ta standpunkt til fagforeiningsrørsla, — ei
rørsle som vart sterkare og sterkare etter
hundreårsskiftet. Dei eldre lag av
arbeidarane, dei som stod nær den opphavlege
rallaren, hadde ikkje så lett for å eigna til
seg organisasjonssynet og organisasj
ons-teknikken. Og det ser ut som Kristofer
Uppdal har förstått desse folk og har hatt
samhug med dei. Han har ein ekte og
tru-fast kjærleik til alt som ikkje er pressa inn
i streng tukt og stive former. Serleg i siste
bandet spelar motivet individ-klasse ei
stor rolle. Men trass i alt går det gjennom
heile verket ei varm tru på framgangen for
arbeidarrørsla. Og det monumentale verket
sluttar med eit dikt, »Avreisa mot
Glitre-tind», som ein av arbeidarane — diktaren
Audun Rambern, bror til Sjugur Rambern
— seier fram. I dette diktet, som
skildrar framgangsvegen for arbeidarane, kan
vi visseleg finna Kristofer Uppdals eige
syn.

Kva band ein skal set ja høgst av dei ti
banda i »Dansen gjenom skuggeheimen»,
kan ein ordskiftast om. Vanleg meining er
at dei første banda — i det heile første
halvparten — av verket er best, og at det
veiknar av mot slutten. Og det er vel så.
Men det er likevel månge fine og interessante
einskildting i andre halvparten. Også der
må ein stundom stansa opp og undrast
over den målande kraft i skildringa og evna
til å få menneska til å stiga klårt og tydeleg
fram mot miljø-bakgrunnen. Og ikkje
minst blir ein også her imponert av planen,
den store grunntanken og det vide utsynet,
som ein legg merke til rett som det er. Om
ein vil finne lyte ved verket, så bør ein
hugse at det ofte er dei største diktverk
som har dei fleste »lyte», og at dei jamt er
så rike at dei har råd til det. Og kongeleg
raust er Kristofer Uppdal i si dikting som
den rallaren han skildrar.

Men Kristofer Uppdal er ikkje berre
ro-manforfattar, han er også lyrikar — ein av
dei største og mest originale i norsk lyrik.
Han høyrer til dei som har viki mest av frå
dei tradisjonelle versformene i lyrikken.
Stort sétt har han fylgt same prinsippet
som Kinck. Ofte når ein les dikt av
Kristofer Uppdal, må ein koma i hug Kincks
ord, at eit dikt er »et bryst som ånder».
Kinck tala om »det autochtone rytmiske
instinkt»; han meinte at kvart folk hadde
sin sermerkte rytme -— »eftersom rytme
er sindenes måte at ånde på». Og skulle ein
her i landet kunna finna ein lyrikar med
»autochton» rytme, så måtte det først og
fremst vera Kristofer Uppdal. Om språket
sitt har han eingong skri vi, i eit dikt, at
det er »som fedrelandet», hardt og tungt;
og han kunne mest ha sagt det same om
rytmen sin — den er også »som fedrelandet»,
djerv, tung, stundom kvass og hoggande,
aldri melodisk lirum-larum. Han synest som
Kinck ha »sky for alt som ligner klingende
vers».

Det var som lyrikar Kristofer Uppdal
debuterte i det Herrens år 1905. Ei av dei
første diktsamlingane hans heitte »Ung
sorg». Arne Garborg, som i åra føre 1905
hadde vori redd modløysa, redd for at den
nasjonale striden ikkje skulle føra fram,
han skreiv at no var det viktigare å skriva
om »ungt mod» enn å skriva om »ung sorg».
Til det svara den unge diktaren, som alt
då •—- 27 år gamal — hadde noko av den
suverene sjølvkjensla han seinare har fått
meir og meir av, at det var kanskje på tide
at dei gamle slutta med å peika på kva dei
unge skulle skriva om. Elles trong ikkje
Garborg vera redd for at den unge lyrikaren
skulle ta modet frå folk med si unge sorg.
Det som sermerkjer Kristofer Uppdals
ly-rikk — også hans kjærleikslyrikk — er
minst av alt veikskap og sentimentalitet,
men tvert imot ein frisk og mannsleg tone,
ein robust styrke og ei sjølvkjensle som er
i nær slekt med rallar-lyndet.

468

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:11:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1948/0516.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free