- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiosjunde årgången. 1948 /
469

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Ein norsk arbeidardiktar. Av Rolv Thesen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristofer Uppdal

Dette er den uppdalske »individualisme»,
som når toppen i hans — hittil — siste store
lyriske verk, »Kulten», eit verk i tre store
band, som kom ut i fjor, og der det ikkje
finst eit einaste rim. (Dette til opplysning
for svenske kritikarar som trur at norsk
lyrikk i dag er så tradisjonsbunden i si
form).

Sin tidlegaste lyrikk, den han skreiv føre
omkring 1920, har Kristofer Uppdal samla
i to band: »Elskhug» og »Altareiden», to
bøker som veg tungt i norsk lyrikk. I
elskhugslyrikken er vel diktet
»Bloddrope-trall» det merkelegaste, både i innhald og
form, rytme. Forma sveiper seg her tett
om innhaldet, ja retter seg etter innhaldet.
Og det er i samsvar med ein aforisme
Kristofer Uppdal ein gong skreiv:
»Innhaldet som blir støypt, lyt rette seg etter
forma, så nær som i kunst og dikting; der
lyt forma rette seg etter innhaldet». Dette
er hans »estetikk» når det gjeld lyrikk, og
den samsvarar godt med Kincks.

Rytmen i »Bloddrope-trall» peikar fram
mot den frie rytmen i »Kulten». Men i
innhaldet står den andre diktsamlinga,
»Altar-elden», endå nærare dette verket. For
her møter vi meir av gruvlaren og den
mangrøynde livsfilosofen.

Eit sentralt motiv i denne innhaldstunge
diktsamlinga, liksom i den uppdalske
lyrikken i det heile, er lidinga. I romanserien
spelar dette motivet serleg stor rolle i siste
bandet, »Herdsla», noko som alt titelen
tyder på. Den herdinga som den unge
ar-beidarføraren der gjennomgår, er skapt av
sorg og sjelestrid, av liding. Lidinga blir
derför ikkje meiningslaus, ho blir ei
drivkraft og ei hjelp til forsoning med tilværet.
Kristofer Uppdals tilhøve til lidinga som
problem kan ofte føra tanken til ein annan
norsk diktar som i stor mon visste kva
liding var: Aasmund Olavson Vinje. Som
Kristofer Uppdal kunne Vinje lovprisa
lidinga som ei reinskande, adlande og
skapande makt.

Arne Garborg skreiv ein gong i eit brev,
at nordmennene var så vane med å lida at
dei hadde ingen vyrdnad for lidinga. Dette
gjeld i alle fall ikkje Uppdal og Vinje. Og
ingen skal koma og seia at ikkje desse to
diktarane er sermerkt norske. Det skal vera
vanskeleg å finne nokon som er norskare.

Hos Kristofer Uppdal møter vi gong på
gong den tanken at lidinga er ei skapande
makt. »Skalden, han er liding», seier han.
»Og lidinga er ei herleg gåve. Einast han
som er verdig, får lidinga; for einast han
kan bera henne.»

For Kristofer Uppdal er lidinga først og
fremst ein skapande eld. Gong på gong
kjem han tilbake til denne tankegangen.
Or elden stig krystallen, i glødinga finn ein
geniet. I eitt dikt skildrar han korleis
kjempeskogane vart til, fleire hundre tusen
år tilbake i tida, korleis dei brann og
stork-na, og korleis diamanten steig fram. Så
overfører han dette på seg sjølv, på sin
eigen diktarhug; også der stig diamanten
fram or glødinga, også der er raud-glødde
skogar som brenn og storknar. I dikt etter
dikt varierer Kristofer Uppdal dette
motivet. Og det er berre naturleg og sjølvsagt
at det minner seg i eit par dikt om Kristus.
Ikkje minst der var det naturleg å koma
inn på lidinga som skapande makt. Gjennom
lidinga fekk Jesu sjel — står det — »den
gløding som lyser gjenom tidene». Men den
fekk aldri nokon kross å bera som levde
slik at »gode stunder lækte kvart
skadesår». For då vart pina, lidinga, ingen eld,
og då vart det heller ingen krystall, ingen
diamant — »du sløkte før du glødde».

Vakrast og mest fullkomi er motivet
kanskje nytta i det diktet som heiter »Då
Jesu sjel hadde nådd sin mognad».

Det skildrar den stunda då djevelen kom
til Jesus i øydemarka og freista han.
Djevelen, som forstod seg eit grann på eld, hadde
oppdaga at her brann ei sjel med ein
»krystall-brann» så stor og mektig at han
aldri hadde sétt maken. Og han ville læra

469

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:11:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1948/0517.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free