- Project Runeberg -  Grundtvig /
7

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Som dei fleste store menn hadde Grundtvig ci
gåverik mor. Prestefrua i Udby var ei kvinne med
rikt og varmt hjartelag, sterk sans for soga og
poesi, — men ho var ikkje nokon yrkelaus
dr0y-mar. Det var ei husmor, som visste kva ho vilde,
og som det stod age av, — ein sterk, fast vil je og
eit praktisk lag, som alltid fann ein veg utor alle
vanskar. Ho hadde betre greide på gardsarbeid
enn presten. Kom ein til honom og spurde um
noko, som kom gårdsbruket ved, svara han alltid:
«Det ved jeg sandelig ikke; gå til mine kone!» —
Dei hadde 7 born; den yngste var Nicolai
Frede-rik Severin, og han ser ut til å ha ervt meir enn
dei andre borna av det poetiske huglyndet og den
sans for sogelesnad, som mora hadde. Han var ein
still, dr0ymande gut, som undra seg på alt han
såg, h0yrde og las. Det var b0ker av historisk
innhald — ofte so tunge at den 7—$ års guten
knapt kunde bère dei — som han helst vilde lese.
Av ei gamal barnegjente dei hadde i prestegarden

— Malene — fekk han h0yre dei fyrste segner og
eventyr på folkemålet.

Sokneprest Grundtvig hadde havt til huslærar
åt dei eldre s0nene sine ein teologisk kandidat
Laurits Feld. Han vart no prest i
Tyregod-lund i Jylland, og våren 1792 vart den unge
Grundtvig send til denne presten, som skulde lese med
honom til latinskulen. Medan han var her, fylgde
han godt med i dei store hendingar ute i Europa:
Den franske révolus jon og Napoléons eventyrlege
krigarferd. Det var som heile verda var i uppr0r.
Han vart konfirmert då han var 15 år, og kom so
på latinskulen i Århus. Det ser ut til at denne
skulen hadde ei underleg evne til å gjere elevane
blaserte og likeglade med dei store spursmål og
hendingar, som alle vaksne var upptekne av. På
Grundtvig verka han i alle fall slik, og den sterke

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free