- Project Runeberg -  Grundtvig /
8

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

uvilje, ein kann godt segje det innebrende hatet til
latinskulen og upplseringsmåten der, som alltid
kjem fram i hans kamp seinare for ein betre skule,
heng sikkert saman med minne frå hans
latin-skuleliv i Århus frå 1798—1800.

Han hadde ikkje interesse for teologien, men tok
likevel til å lese til presteeksamen, for di foreldra
hans vilde, at han skulde gå den vegen. — «Trods
saa kristelig en opdragelse og oplysning som den
vel fandtes i Danmark ved slutningen av det 18de
aarhundrede,» skriv han, «traadte jeg dog ind i
det 19de som en hedning og gjorde ingen
hemme-lighed deraf for mine jevnaldrende, fandt heller
ikke stort andet end det samme hedenskab hos
dem.» Ein må ikkje av desse ord drage den
slutning, at han var komen på rangel eller på sedelege
awegar i vanleg meining. Dertil var han for stolt,
hadde for sterk åndeleg rygg og for store tankar
um seg sj0lv og si framtid. Han segjer, at han i
denne tid var «en selvgod, sneverhjertet
spidsbor-ger og farisaeer af strengeste sekt.» Han tok
teologisk embetseksamen med beste karakter 1803.
«Saaledes var da min saakaldte akademiske
l0be-bane endt uden aand og uden tro.» Han var soleis
komen langt burt frå det han dr0ymde um, då
han var barn: Å stå på same sida som
skyldin-gen sin biskop Balle i hans strid mot
åndsnekta-rane og rasjonalistane.

Grundtvig har sterkare enn nokon annan halde
fram det store verd «det levende ord» har
framfor det skrivne. Men dette hadde han i si
skule-tid ikkje fått det minste syn på. Det var fyrst då
han, hadde h0yrt dei föredrag som syskenbarnet
hans Henrik Steffens heldt i Kj0benhavn 1802, at
han fekk ei kjensle av det. Det som serleg feste
seg hjå den unge teologen var det historiske syn
Steffens gjorde seg til talsmann for: «ideen om

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free