- Project Runeberg -  Grundtvig /
13

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Her i hovudstaden fekk han etter kvart ei kjensle
av, at han ikkje lenger stod so åleine, men på den
andre sida kom han meir og meir på kant med dei
rasjonalistiskc prestane. No hadde dei fått ein
laerd og gåverik mann på si side, som kunde ta
kampen upp. Det var den unge professor
Henrik Nicolai Clausen, son til Grundtvigs
gamle motstandar frå 1810, H. G. Clausen.

«Theologisk Maanedsskrift» utgjeve av R u d e
1-bach, Lindberg og Grundtvig tok til å
kome ut i 1825, same år som professor Clausen
sende ut sitt fyrste st0rre verk Katholicismens og
Protestantismens Kirkeforfatning, Lsere og Ritus».
Dette var upphavet til ein ny langdryg
kyrkje-strid i Danmark. For Grundtvig tykte heile
verket var bygt på rasjonalistiske grunnsetningar og
difor — um so umveges — eit slag imot det som
han heldt for verkeleg sann kristendom.
Grundtvig skreiv eit motskrift «Kirkens Gjenmsele», og
motstandarane svara med ein injurieprosess.
Grundvig vart d0md til å betale det saka kosta og
dertil 100 rdl. (kr. 200) i bot. Ein av venene hans
betala for honom, so han kom seg ut av den knipa,
verre var det, at han heretter skulde vere under
censur.

Året etter skulde Danmark halde 1000-årsfest til
minne um Ansgar, den fyrste som forkynnte
kristendomen i Danmark og Sverike. Grundtvig hadde
då skrive salmen: «Den signede dag». Men korkje
den eller andre av Grundtvigs salmar måtte dei
syngje i kyrkjene. Alt dette gjorde, at han tykte
ikkje lenger han kunde stå som prest i den danske
statskyrkja. Det var ein strid um åndelege
spurs-mål han vilde, og so f0rde motparten striden med
so uåndelege våpen som injuriesak, bot og censur
på politikammerset. Han s0kte avskil og slutta
som prest i statskyrkja 8 dagar fyre pinse 1826.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free