Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Um privatlivet hans i dei 33 år han var prest
her, er ikkje so mykje å fortelje. Når ein tek
undan dei store umskifte i huslyden hans — han
var gift 3 gonger —, so gleid livet stilt og rolegt
med stendigt arbeid, ofte både natt og dag. Han
hadde ei arbeidskraft som få heilt til det siste,
var ei kjempe både i ånd og kropp. «Han kunde
forene en kjsempes arbeide med en fugls s0vn,» er
det sagt. Det var tider då han ikkje kom i seng.
Han sov eit par timar i stolen framfor
skrivebor-det og tok fat på arbeidet med same han vakna.
Han fekk sjå at landet atter tok til å arbeide seg
fram; det fekk ein fri riksskipnad i 1848—49, han
var med i den grunnlovgjevande for samling og med
i riksdagen til 1866, såg Danmarks ulukke og
vanmakt i striden med Tyskland, men ög at det
reiste seg og med umtanke og trottugt arbeid vann
att det dei miste i 1864, og det som vel gledde
honom mest: ein fri skule på folkeleg, nasjonal
grunn reise seg både i Danmark, Noreg og Sverike:
Folkehfigskulen.
Dei som i Grundtvigs fyrste ungdoms- og
mann-domstid hadde vore med å skape ein ny, rik dansk
bokheim, fall burt den eine etter den andre.
Bag-g e s e n d0ydde alt i 1826, Oehlenschläger
i 1851, Heiberg i 1860, Ingemann i 1862.
Grundtvig vart ståande etter som den store gamle
profet, som fekk sjå iallfall litt av det
framtidslandet han hadde dr0ymt og spått um. Det var
ei mj aett, som samla seg um «Gamle Grundtvig»,
tok hans tankar med seg ut i livet og spreidde dei
vidare til meinigmann.
Til heimen hans, «Gladhjem» ved Gl. Kongevei
kom det vener frå mange kantar, m. a. mange
nordmenn, Ole Vig, Anker, Arvesen,
B r u u n og andre. Etter innbyding frå Det norske
Studentersamfund kom Grundtvig til Noreg 1851.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>