- Project Runeberg -  Grundtvig /
22

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det livande ordet er då den, at det livande
munn-lege ordet var til fyre det skrivne. — Skriftene i
det nye testamente vart skrivne til truande
men-neskje. Det var soléis ei kristeleg tru og ein
kristen kyrkjelyd fyrr desse skrifter vart til. Paulus
og dei andre apostlar grunnla ikkje kristne
kvr-kjelydar på den måten, at dei sette seg ned og
skreiv brev til sume menn i Litleasia, Grsekland
og Italia. So store ting ser vi ikkje i verdshistoria,
at det skrivne ordet har utretta. Og heller ikkje
var det skriftene i det gamle testamente apostlane
kunngjorde. Men dei kunngjorde det trudomsordet
og det livsordet dei d0ypte folk på. Og det var på
dette ordet, som apostlane hadde frå Kristus, at
kyrkja og kristendomen vart grunnlagd. Det har
munnleg gått frå sett til sett ned igjenom tidene.

Grundtvig skil greidt millom tru og Isere.

Desse tvo spursmål gav han utgreiding um i ei
lang rekkje avhandlingar i «Theologisk
Maaned-skrift» 1826—27 (kom ut samla i 1865). Han set
der upp desse tvo spursmål:

1) «Hvad er den sande Kristendom?»

2) «Er Kristendommen Sandhed?»

Det fyrste er eit reint historisk spursmål. Han
syner at ein må halde fast ved dåpspakta som
ut-trykk for den sanne, upphavlege, historiske
kristendom. Ein kann setje noko anna upp mot dette,
men det kan ein ikkje kalle kristendom, kva det
no kan vere. Er vi so samde um kva som er
verkeleg sann kr;istendom, so kjem spursmålet,
um vi vil ta mot kristendom eller ikkje. Dette er
det andre spursmålet, som soléis er eit
samvits-spursmål for kvart einskilt menneskje. Den som
s0kjer sanning og held kristendomen for sanning,
tek imot. Dei andre let det vere. Men her lyt
ein få stå fritt o: ikkje ytre, borgarlege ref singar
eller l0ner for, korleis ein her vil stå til religi0se

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free