- Project Runeberg -  Grundtvig /
30

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utyver notida og langt inn i framtida til dei
komande setter. Det var dette Bj0rnson gav ord
for då han i 1872 skreiv:

–«syneme efter som solskyer går

o ver de havslagne lande;
nordfolkets udsigt i tusende år
skal de rande.»

IV.

POLITIKAR.

Dei som kjende Grundtvig personleg, fortel, at
han hadde ikkje lett for å före ei samtale, ikkje
lett for å gje seg av med den einskilde i det heile.
Det var mange som gjerne vilde få tale med honom
personleg um ålvorlege livsspursmål, men dei var
redde for å kome til honom. Ein ung teolog som
tvo gonger hadde vore utanför d0ra, men snudd,
tok tridje gongen eit par draminar for å få mod.
Han kom inn til den gamle, som sat ved
skrive-bordet i ei sky av tobakksr0yk, helsa, men vart
rist ut. «Jeg taler ikke med Folk, som
Brsende-vinslugten staar ud af Munden paa,» sa han, og
dermed måtte den pene unge mannen gå.

Grundtvig hadde i det heile ikkje so sterk sans
for det einskilde menneskje og den einskilde
men-neskjesjel, som for det han kalla folkeånda. Han
var folkepsykolog, og på det umråde ein meister.

Det var dei djupe, sterke, åndelege straumdrag

i soga han merkte seg, og etter dette tok han parti;
han var ikkje redd for å stå åleine. Men elles var
han ikkje partimann i vanleg meining. I riks-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free