- Project Runeberg -  Grundtvig /
31

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dagen kom Ploug ein gong med eit framlegg um,
at ingen skulde ha lov til å kome med framlegg utan
han i det minste hadde ein mann med seg. Det
trudde han Grundtvig ikkje kunde få, og venta
soleis å verte fri for dei mange framlegga hans.
Ploug fekk ikkje dette igjenom, og Grundtvig
heldt ved med sine mange brigdeframlegg.

«En sangers kald profetens er

og helst i nads- og feidselstider»

skreiv Bj0rnson, og Grundtvig meinte det same. 1
sitt lange liv såg han Danmark i naud mange
gon-ger. Som teologisk student stod han skirtorsdag

2 april og såg på slaget på «Kj0benhavns Rhed»
saman med den 22 år gamle Adam Oehlenschläger.
Det er nok å nemne åra 1807—08, 1813—14, 1848
—49, og 1864/ alle minner om «n0ds- og
f0dsels-tider» for landet, og i slike tider var alltid
Grundtvig med. Hans songar-kall er profeten sitt. Han
hadde rikt h0ve til å vere med i storpolitikken.

I august 1913 reiste han frå Udby til
Kj0ben-havn og fylgde med spaning dei storpolitiske
hende, som greip so sterkt inn både i Danmarks
og Noregs soge. Som alle andre trudde han det
vilde kome til å stå ein stor kamp um landa våre,
og i den vilde han vere med. Ein av dei fyrste
dagane i januar 1814 sende ein flokk studentar eit
brev til kongen og bad um å få gå med i krigen
som friviljuge. Det fyrste namn på lista var «N.
F. S. Grundtvig, Capellan,» og millom dei andre 44
finn vi «Henrik Anker Bjerregaard, Stud. Juris.»
Tilbodet vart ikkje motteke, og freden kom straks
etter i stand (Kiel 14. januar 1814).

Grundtvig skreiv då i eit dikt: «Til
Fsedrelan-det»:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free