- Project Runeberg -  Grundtvig /
35

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

synt fram. Men det var med å få den innre, finaste
elden kveikt.

Reidskapen til å skape dette åndslivet var det
munnlege, livande ord. Dette er ei sanning som
Grundtvig aldri vert tr0ytt av å minne um.

Hans pedagogiske synsmåtar er i samsvar med
hans historiske. I alle dei historiske skriftene
sine syner han ein serleg elsk til dei germanske
folka, og millom dei store nasjonane fyrst og
fremst den engelske. Romafolket derimot hata
han. Men dette heng saman med hans hat til
latin-skulen, som han kalla «en Skole for D0den», i
motsetning til den skule han vilde skape, «en
Skole for Livet».

Den romerske ånd har gjenom tidene havt ei
sterk makt over dei germanske folka, kulturelt og
religi0st. Den fyrste som reiste seg mot denne
makta, var den ulukkelege la;raren på h0gskulen
i Prag Johan Huss. Han vart motteken på
same måten, som so mange andre store
fvregangs-menn i millomalderen. — På lag 100 år etter kom
Martin Luther. Der var nok dei som vilde brenne
han ög. Men av ymse grunnar kunde ikkje det
late seg gjere. Han gjorde påny uppr0r mot Rom.
Og denne gong låg Rom for det meste under.
Luther kravde rett for morsmålet, men orka ikkje
få denne tanken heilt gjenomf0rd.

300 år etter Luther steig Nikolai Grundtvig fram
i Danmark. Han lserde alt som latinskulen kravde,
fekk beste karakter til embetseksamen, var ein
laerd teolog og historikar, skreiv fleire b0ker enn
nokon endå har gjort i nordlanda, var heile sitt
liv ein bokorm, men gjorde uppr0r mot
boklser-domen og latinveidet. Grundtvig er talsmann for
noko nytt i kultur- og skulesoga. Dei som styrde
med skuleskipnaden frå reformasjonstida og
ut-etter heilt ut i det 19de hundradåret, gjekk ut frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free