- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
7

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

„Eple og pære
dei veks uppi treom —
og naar dei er mogne
so felle dei ned.“

KVELDSETO-LIV

La oss gaa i gang med eit gamalt minne — fyrst.

Vi bondefolk som var fødde ved 1850 kjem daa sakte
i hug kveldseto-kveldane heime. For dei varde og rakk
endaa mest tjuge aar framover, før dei døydde reint ut.

Aa, desse kveldane — dei var ei lykke for bornom!
Eg kan ikkje anna skyne enn eg lærde meir daa —
— millom far og mor og husmenn og tenarar — enn eg
gjorde paa alle skular sidan — naar eg tek unda
folke-høgskulen. Daa tenkjer eg ikkje paa kunnskapane, dette
aa rekne og skrive og slikt. Men paa at vetet mitt voks,
at eg fekk folkeskikk og mannast te kar; og attpaa alt:
fekk so sterk ei tru paa livet, paa at eg skulde nok
bli-te-noko eingong, eg au, naar eg vart stor.

Ja, eg skal meine eg kjem deim ihug! Daa spann
gjentone um kapp, og spann upp all ulla og hampen og
linet vi avla; daa laga karane te slede-naglar, soplimar,
rekor, øksskaft og knivskaft, stallbandspinnar og
pølse-pinnar, rivor og ljaasorv, alt vi trengde te aaret; daa ferda
dei sledar og skjæker og bøtte selar; daa reidde dei
ol-taumar og olreip te dei vart mjuke og gode aat kaldveret.

Naar klokka hadde siege 4, daa kom karane inn
med kveldsetovyrkje — med soplimris og mange rare

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free