- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
11

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

livet; og døm skulde „kantskjerast dugeleg døm au“. I
vissa skulde døm ikkje dra paa desse digre prestgardane
lenger. Ein hest aa kjøyre med og 4—5 kjyr te mjølk
aat ungom var daa fullskuvande nok, meinte han Lars.
Hadde dei kanskje ikkje prestløna si — attpaa!

Men daa la ho mor seg frami, „Nei Lars, no gaar
du for vidt att. Korleis trur du sjølvpresten vaar kunde
greie seg med fem kjyr, han som har ein slik haug med
ungar, ja 12 born, aa ala upp! Stakkar ho som
prest-fruge er, daa lel! Eller vil du kanskje at vi her i dette
rike Gausdal skal ha den skam aa gjera prestfolka vaare
te fatiglemer?" Ho snudde seg aat ’om far: „Og naa

synest eg at du som husbond er, skal tukte lite paa han
Lars for dette, og ikkje haide med han stødt!"

Daa kjem ho Torø, som heldt med henne mor: „Ja
Lars, det du sa um kongane au, skal du ha ris for. Veit
du det du, at det har vore kongar all sin dag, like fraa
Salomon og David og Sankt-Ola? Les Bibelen skal du
sjaa! Og prestane har vore lenger endaa. Og døm skal
faa vera, heretter au! Eg tenkjer vi treng nokon te aa
haide styr paa pargaset. Naa skal du skjemmast og
tegja, Lars! Eg fortel mest ikkje eit eventy eg, utan det
er ein konge eller ei dronning som er med; eller ein
prins og ei prinsesse. Er det ikkje sant, ungar?" Og ho
saag paa oss med gloande augo. „Jau, jau," ropte vi.
No heldt vi med henne Torø att.

„Ja—ja; la oss ta eit ordskifte um dette daa; men
berre eitt um senn," sa han Lars. — „Jau, du Torø, døm
har vore lengje nok kongane; gubære oss eg nektar ikkje
det; — for døm er gamle som arvesynda. Men det er
det eg vil ha sagt, at døm har vore nokon faarlege
ruggar aa føde paa — for det aller meste daa! Folk
har ikkje godt taa aa faa slik makt som desse kultane
har havt. Og døm var naa ikkje berre kvite englar han
David og han Salomon hell — eg har nok lese Bibelen."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free