- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
17

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

boden eit tusen dalar i løn, dei vilde havt han til
klok-kar ved domkyrkja der. Men nei takk; han vilde heller
ha ein dalar i løn og vera med Bruun, hadde han sagt.
So det var nok ingen leigesvein dette heller.

No sette eg paa han far og vilde endeleg faa fara
paa denne skulen til hausten. Eg var paa 18de aaret.
Vi stod nede i gjordet og steinsette ei veit.

„Aa nei," sa han. „Du skriv so du bergar deg, og
til aa rekne er du snart ein meister, i
husmanns-rekne-skapen ser eg knapt ein einaste feil no."

„Ja, men det er so mykje anna og som trengst; eg
vil læra aa tala og tenkje — eg vil ikkje gaa som ei
rompe."

„Aa ja, men dette lærer du ikkje paa ein skule.
Slikt kjem med aarom det, lite um senn, i umgang med
bra folk. Sjaa, no har vel ikkje eg femteparten av skule
imot du har havt — baade sumar og vinter; men eg ser
ikkje anna enn eg greier meg godt baade med munn og
hånd og penn, og fær vyrdnad og magt med eg vil; —
det fylgjer andsvar og med slikt, skal du vita. Du tarv
ikkje gaa som ei rompe, um du ikkje kjem paa meir
skule."

Og ho mor tykte det same som han far.

Men eg fekk Jon Ro te aa hjelpe meg. Han hadde
fyllt meg med Amerika-sogor um bror sin, som vart fanga
av indianarar og løyste livet sitt med ein tobakrull; ein
annan gong smatt han ned i eit innhole tre, og skaut deim
ned som flugor. Og no vilde han Jon laane meg
reise-pengar. So sanneleg reiste eg aat Amerika til vaars —
for ut vilde eg. — Ja, naar so gale var — lét han far til
slutt — so fekk eg daa heller fara paa den skulen. Aat
Amerika, det tykte han var meiningslaust. Dette visste
eg. Han hata Amerika han far.

A. Austlid: Salt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free