- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
19

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ei løva til aa danse. Ved ponsbordet vilde han
„udbringe damernes skaal" sa han. Men han snakka seg so
fast at han vart berre til laatt, endaa han hadde gaatt paa
realskulen og kunde tysk. Nei, det nytta ikkje for oss
aa snakke som dei fine gjorde det; vi fekk nok finne oss
i aa vera bondetampane der og, so var vi daa det vi var.
Men daa vart det liten mun aa klæ seg i klædesklæde
nokre faae gonger for aaret. Vi gjorde oss til narrar;
vi vilde sjaa ut som fine, og var det ikkje.

Paa 17-maifestom vaare gjekk det friare til; det var
næstan turefestar det. Og der tala vi. Det var ingor
skam aa drikke seg „maate full“ i den tid, naar ein berre
ikkje elles skjemde seg ut.

Maalsak, avhaldssak, og alle desse saker og
sam-komor ungdomen no veks upp i, dei var ikkje til for oss
i vaart uppvekstre.

Og mest ingen bøker. Ingenting av dette som kveikjer
hugen for oss sjølve og vaart eige stell — berre dette
langframande, langt burte og høgt uppe. Jau,
„Lørdagsaftenblad" og „For arbeidsklassen"; men det var no og det
beste vi visste. Og so „Almuevennen" med skilderiet sitt
og „Adressebladet" med eld og mord og tjuvar, dette og
var morosamt. Ein gong fekk vi ei lita eventyrbok av
Asbjørnsen um „Guldfuglen" og „Smaagutterne som traf
troldene paa Hedalsskogen" — daa vart vi mest øre av
ofse og giede.

Karl Martin Breien — kapellanen — hadde vorte
hardare og hardare imot dette ungdomslivet vaart, baade
i kyrkja og paa samlingar. Dans, drikk, kortspel —
lett-sinn og synd kalla han dette altsaman; og det hjelpte ikkje
um vi klædde oss i fine klæde — sa han — og kalla
det bal, synda vart berre so mykje verre, naar vi pussa
ho upp og gjorde ho kvit. Breien sa mykje som var
sant og rett og godt um livet vaart. Men han gav oss
ingen ting atti staden for dette som vi skulde misse, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free