- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
22

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg upp ein klump i bringa mi, so eg vart varm all
igjenom. — So kom eg upp paa sætra ein gong, og fann
ei bok budeia hadde laant; det var „Synnøve Solbakken".
Den las eg. Eg minnest aldri eg hadde set sætervatnet
og skogaasane og fjella so vakre som den kvelden. Eg
hadde faatt nye augo aa sjaa med; eg saag langt inn i
himmelen, med det same sola gjekk ned, og eg tykte
Gud smilte. Men det var ikkje tenkjande at all denne
herlegdomen var til for meg, eg som hadde sett meg upp
imot Breien, og sidan ein gong drakk meg full, so ho
mor gret for meg. Eg grove bondeguten! Aa, eg vart
so tungsint at eg rulla meg paa marka, no var alt slokna
att. — Seinare fekk eg laant ei bok fraa han Per Bø,
som heitte „Fraa bygdom"; ho var paa vaart eige maal,
skulde vera. Ja, maalet var morosamt, endaa eg laut
stave meg igjenom, lange teigane. Men det som tok meg
so hårdt at eg gret, det var ho Liv, den snilde
skuld-lause gjenta som dei for so ille med; eg trur eg hadde
gjeve halve livet mitt, um eg kunde naatt i og hjelpt henne.

III.

Ja so kom vi aat Sel.

Eg gløymer aldri den fyrste kvelden paa festen der.
Eg var reint ør av giede. Det var Janson som hugtok oss
so heilt. Slikt som han kunde tala! Han fortalde um ei
faarleg friing og mykje meir, og skjemta og leika so vi
sat i ein laatt. Og stundom so stilt at vi høyrde ikkje
pusten vaar. Daa han hadde haide paa ei stund, maatte
eg ut og faa luft. Ute i tunet møtte eg ein gut, eg kjende
han ikkje, men tok ikring og klemde han innaat meg.
„No vilde ikkje eg her ifraa att, um eg fekk
Gausdals-prestgarden, eg gut," ropte eg. „Nei ikkje eg, um eg
fekk Ringbus-prestgarden heller," sa han. Vi skyna
ein-annan, og arm i arm gjekk vi innatt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free