- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
30

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han og sa han hadde aldri brukt si tid betre enn no.
Der var og Johan Synnes, havmannen fraa Vigra, med
dei sterke kjenslor og mangslungne hugmaal, og alltid
dampen uppe. Der gjekk Eyvind Knutson, kjærleg og
glad; denne fine, aandfulle guten hadde vore so hårdt
„under loven", at han raka av seg haaret og i lang tid
mest ikkje aat nokon ting; no hadde Bruun hjelpt han
ut or fengslet. Og for meg vart han meir enn ein ven;
han las „Jan van Huysum", og „Den engelske lods", og
førde meg so heilt inn i Wergelands eventyrheim at eg
gløymer det ikkje. So hadde vi Kyrkjeberg’en,
Valdris-guten, med sin brennande hug, og med sogor so fæle at
dei gryste oss igjenom hold og blod. Og vi hadde
„Stor-ting“ med komedi og leik, og „Smaating“ med ordskifte;
og Jwya med skrivar og lensmann og stemnevitne; og
kaffelag og festar. Og alt dette gjekk gamle mor Bruun
og saag paa og moroa seg aat. Og Bruun med, naar han
hadde tid.

V.

Folkehøgskulen aat Bruun var paa Sel i 4 aar. So
flutte han 10 mil lenger sør i dalen — rulla liksom med
si eiga tyngd — aat Gausdal.

Det tok til aa staa stort ord av den gilde
bondeskulen. Det var ei ære aa faa slike karar millom seg,
som tok seg soleis av ungdomen og seda han upp; dei
var altfor gode til aa gjøyme seg burt i ei fatig avbygd
som Sel.

Bøndene lét vel, og prestane endaa meir.
Kunn-skapen var nyttig og god aa ha, og „dannelsen" med for
den viltre ungdomen som voks upp no. Det vart aldri
for mykje av det som godt var.

Detta maalstrævet aat Janson og sume andre, det
var no so som so. Han skulde vera ein slik
skjemte-gauk denne Janson, reint lystig kar — men han var daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free