- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
32

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Matias — og vart med i arbeidet. Her kom Stefan Frich
og slo seg ned med sin frie barneskule. Hit kom
Aas-mundstad og heldt skule for bornom aat Bruun og
Janson. Og endeleg, hit kom Bjørnstjerne Bjørnson, kjøpte
Aulestad millom Vonheim og Bø, og vilde vera bonde.
Han sende ein son og ei dotter paa skulen aat
Aasmund-stad, og Karl Seip styrde garden hans fyrste aaret.

Der stod glans av Vonheim desse aara. Der tok dei
fyrst til med store lærarmøte; og eg tenkjer lærarane
minnest deim; for slike møte fær vi no aldri att meir.
Og so folkemøta paa Veslehamar — dei fyrste av det
slag i landet; fraa Vonheim og Per Bø gjekk dei ut.

Daa Bjørnson kom aat Gausdal, sa han at det var
fyrst og framst Bruun han vilde finne. Han vilde faa
hjelp taa honom te aa bli ein ordentleg og heil kristen,
sa han.

Det gjekk ikkje med det, veit vi — av mange
grun-nar. Men ein var hovudgrunnen. Det forteist um Felix
at daa apostelen Paulus tala aat honom um rettferd og
avhald og den komande dom, vart han rædd. Um
Bjørnson forteist det at han vart harm. Eller baade rædd
og harm. Ein gong seinare hermde han H. C.
Andersens: „Man siger alle at den hund er god; men mig gjør
den nervøs" — med tanken paa Bruun. Eingong stod
Bruun nede paa skulen og fortalde lidings-soga aat Jesus.
Og Bjørnson lydde paa. Best det er, stig han beint upp
og gaar. Daa han kjem heim, so ropar han at ein slik
offergud og blodgud som den aat Bruun kan han ikkje
med, den skal han ikkje ha meir av — han tykte han
saag Kristus krossfesta paa kvar ein gardstolpe etter
vegen. „Aa, det er forfærdeligt!" sa han.

Det staar ein gufs av krav fraa Bruun, som
naturbarnet i oss ikkje likar. Han vil vi skal gjera Guds
vilje: bruka vaar vilje til det yttarste her, og ikkje leva
paa slump etter eigne hugskot og innfall. Vi som kom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free