- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
34

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bruka desse orda paa Kristofer Bruun, naar han rulla
upp Israelsfolket aat oss og vi sat med anden i halsen
og lydde. Vi hadde lært utanaat daa vi var smaa, so
vi kjende att namna; men hadde aldri trutt det var slikt.
No fekk vi sjaa at dei var menneskje med kjøt og blod
so som vi, ja med heitare blod endaa. Men for karar
— og kvinnor med! Um det ikkje var anna enn Jakob
og Esau, so syntest vi at vi saag desse tvo — og kjende
deim att i oss sjølve baae tvo. Og naar han so sa: Slikt
kan Bibelen skildre sine folk; skulde ein tyskar prøvt
noko so vanskelegt, som aa greide ut tvo slike karar,
maatte han gjort ei bok paa tri store bind: eitt aat Jakob,
eitt aat Esau, og eitt til aa likne deim ihop; — daa log vi
aat dei tyske teologar som sat i papirhaugom sine og
„laga“ bøker. Og daa gjorde eg den heilage lovnaden,
at Bibelen vilde eg lesa fraa ende til annan; det var og
eit heilt aar eg ikkje nokor onnor bok las eller saag i
dei dagar.

— Eller naar han fortalde um Jefta, denne
fedre-landsvenen som ofra dotter si — for di han syntest han
maatte; og ho og vilde det — og fortalde ærleg og sant
det som soga melder: daa vart det ein tragedie — so eg
veit deim som gret sine modige taaror ei halv natt
etter-paa. — Eller um Gideon, denne tunge bondeslampen,
som var berre eit vyrkje; men kva han vart daa Guds
aand fekk sett eld i han.

— Eller um Samuel, den gudvigde folkefrelsaren fraa
mors liv — som likevel hogg i miss fyrste gongen han
tok i veg — han plent som den store Moses — avdi han
brann for hårdt og kunde ikkje temja seg til Guds time
kom. „De menneskje er so stuttsynte,“ sa Gud til
Samuel longe, longe etter dette. Det var svære ting alt det
Gud kravde av desse karane! Men dei stod seg sakte
paa aa gjera det.

— Eller naar han fortalde um Saul, denne herlege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free