- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
36

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til og gjorde Jesus Kristus til menneskje aat oss. Eg
gløymer det aldri; eg vart mest rædd i fyrstninga. Kunde
dette vera heilt aa lite paa? Her synte han oss ein ung
mann full av ljose voner og barnleg tru, full av
brenn-hug etter aa faa gjera storverk for Gud — men som
kunde vente, temja seg og vente til hans time kom. Der
gjekk han stillfærleg heime til han vart vaksen; arbeidde
med hendene, var timbermann. Han ætta fraa David
gjenom mor si, og same grjotet i denne som i David,
same malmen — berre so mykje finare, reinare, heilare,
sterkare. So kom Guds time. Og med kraft som løva,
med tolmod som eit lamb stod han i striden for Guds
sak — berre so mykje heilare, so mykje hardare inne i
elden, enn nokon mann før. Han vart freista verre enn
nokon; Satan vil hildre han, narre han. Men han stod;
stod, der alle andre hadde dotte. Alt vondt møtte honom,
og velte seg innpaa og vilde krase han. Siøge som
ormar, med list kom dei, og vilde fange han. Men han
reiv sund spinneveven og nækte deim — paa berre
skrotten — og piska deim — med Guds svipe! Sinte som
ulvar kom dei, med frøda i munnen, og reiste storstorm
imot honom. Som eit skip for fulle segl braut han baara
og kløyvde seg fram imillom deim; dei makta han aldri.

Alt vondt møtte honom; all slags sorg, synd, naud,
alle slags sjukdomar — all stakarsdomen vaar. Han vod
fram gjenom vondt, der gjekk vegen for honom. Men
aldri han trøytna, aldri hardna eller vart beisk. Som ei
mor tok han seg av stakkarane — fraa morgon til kveld
dagen lang — og snudde upp ned paa sorga. Myrkt
var det framanfor, og ljost vart det attanfor — all tid der
han for fram. Myrkt var det framanfor honom, paa all
hans veg; sorg, naud og hjartegraat; sjølv gret han og
eit par gonger. Han hadde tenkt han skulde vinne heile
folket; han var brudgomen; ein slik kjærleik kunde ikkje
tapa, tenkte han. Men dei støytte han ifraa seg. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free