- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
43

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og saag og saag. Og sanneleg, der tok vi te kleiv upp
i toppane paa tvo høge tre! Og huska og vagga oss og
song mot sola — som galne smaagutar!

Og daa eg kom stigande upp bakkane aat Ofigsbø
den 4de kvelden, ung, sterk, glad, med hatten i nakken
skulde vel ingen tenkt (og minst eg) at den fyrste eg der
saag var ho som sidan vart mor dykkar! Der paa
haugen stod ho, med ei rive og eit høyfang — ei
smaa-gjente paa 12—13 aar — ho hadde alt set meg, og visste
straks at her kom den nye læraren dei venta — og ei
ny tid med honom! Burte som ein vind var ho med
høyfanget paa laaven! Men kom straks fram att og bad
meg velkomen. Ho vart den fyrste som tok meg i hånd
paa Lom. Eit ljost, smilande barn!

Tolv aar etter fortalde ho meg at noko reint
uskyne-legt kom over ho den gongen, og mest maktstal ho.
„Tolv aar etter —?“ — Ja, det skulde gaa 12 aar før
eg spurde og fekk hennar glade ja.

— Hallvard Ofigsbø og Kristofer Bruun var
upp-havet aat friskulen paa Lom. Hallvard var den sterkaste
viljesmann som Lom aatte; han hadde vore paa
folke-høgskulen um vinteren, og sa ved Bruun paa vaarsida:
Vi skulde havt ein friskule paa Lom — skaff oss du

læraren, skal vi paa Lom skaffe hus og born. — Paa

Ofigsbø fekk eg daa hus; og mest eit tjug born kom.

Det var ein merkeleg skule vi kom i gang med den

vinteren. Born var vi alle, so nær som at eg var eldst
og hadde andsvaret for at det gjekk — at dei kom te
aa lære.

Kaa hadde eg so aa haide skule paa? Jau, eg vilde
gje desse bornom alt eg aatte, alt eg hadde vorte glad
aat, eg vilde gje døm meg sjølv. Naar eg no minnest
attende er eg forbina paa det mot eg hadde. Det fanst
ikkje tvil i meg. Det dg hjelpte paa, at eg vart so vel
motteken av bygdehøvdingen deira, han Ola Kvaale, av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free