- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
51

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

øvrigheden underdanig," baade den geistlege og
verds-lege, slutta han møtet.

— Eg skreiv aat kyrkjestyret paa nytt lag. Fortalde
fraa visitasmøtet, og sa at no var knuten so stram at
berre norsk lov kunde løyse han. Kravde aa faa sendt
den lovparagraffen som paabaud Pontoppidans forklaring
utanaat for norske lesarborn, naar dei hadde sin
kristen-domskunnskap i orden utan den boka; for presten hadde
gaatt med paa at det hadde denne gjenta.

Eg fekk ikkje svar paa dette brevet. Men ein dag,
ei god tid etter, kom Brodal uppover, blid og venleg, ög
sa at no kunde gjenta faa gaa og lesa hjaa han, ein dag
kaar viku i sumar, og so staa i kyrkja te hausten, i lag
med dotter aat lensmannen og ei til som hadde
guvernante.

„Utan Pontoppidans forklaring utanaat?" spurde eg

„Ja da, ingenting udenad, bare et par salmevers hver
gang. Narturligvis vil jeg behandle grundteksten i de fem
parter. Men bare som fri samtale. Og saa vil jeg tale
med dem om Jesu liv efter Det nye testamente."

— Vi fekk ein tanke um at her kom svaret fraa
kyrkjestyret. Vi hadde vunne, vunne!

No var alt godt og vel. Men gamle Halvor Ofigsbø
var likevel so mistruen at han fylgde dotter si aat
presten og sat med høyrde paa. Og daa vart han so glad
i undervisninga aat Brodal, so han kom der og sat med
kaar dag ho møtte um sumaren.

Noko merkjeleg var hendt, eller hende den sumaren
med Brodal. „Ja nu er jeg ogsaa færdig med
Pontoppi-dan paa rams," sa han ved far aat gjenta ein dag dei sat
tvo eine i prestgarden. Og eitt er visst, han brukte stødt
sidan denne maaten — den frie undervisningsmaate som
han kalia det — so lenge han var i Lom.

— Skulen dreiv eg paa med, og godt gjekk det.
Vart det for mange born, fekk eg hjelp taa gutar som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free