- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
52

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde vore paa Kristofer Bruuns folkehøgskule og vorte
gjenomelda der. Ein vinter hadde eg Hallvar Ofigsbø,
morbror døkkar; han forfalde um Heilag-Olav og lærde
døm aa rekne. Eit anna aar var Olav Aukrust, far aat
diktaren, med.

Ved nyaar 1875 tok læraren i krinsen avskjed. Og
no storma foreldra paa, at eg skulde søkje posten. So
slo dei tvo flugor med ein smekk, tenkte dei. Dei fekk
ha friskulen og meg, og so slapp dei aa leggje
skule-pengar. Eg sa det nytta ikkje, eg hadde ingen eksamen
aa syne fram. Dei svara at eg skulde faa posten, det
skulde krinsen syrgje for. Ja, skulde det eventyret hende,
so Gud fri meg fraa autoritetane daa —• dei vil koma te
aa eta meg upp, sa eg.

Men dei fekk Stor-Kvaalen med seg, og daa nytta
det ikkje aa segja nei. Eg hadde berre kløyvt krinsen og
kanskje øydelagt skulen min um eg hadde tarra imot
lenger. „Ja, la det eksperiment gaa av stabelen daa,“ sa
eg, og gav meg.

„Det skal bli eit morosamt eksperiment dette,“ sa
Kvaalen og smilte forførande imot meg.

Eg skreiv ein kort søknad, fekk ei god attest fraa
Bruun og la inni. Men det som skulde vega mest, ja
slaa slaget her, det var nok eit papir som krinsen sende
med. Dette er so naivt og morosamt, so vi lyt ha det
ordrett. At eg fær for mykje ros her, det skal døkk
ikkje bry døkk um. Vi skynar at det maatte til.

Til Loms Prestegjælds Skolekommission!

Undertegnede Indvaanere af Guttubø Skolekreds
have bragt i Erfaring at Andreas Austlid søger den
ledige Skolelærerpost til hvilken bemeldte Skolekreds
henhører. I Anledning heraf tillade vi os herved ærbødigst
at henvende os til den ærede Skolekommission med
følgende Ytringer, hvilke bedes vedlagt anførte Andragende.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free