- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
55

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

El SOGE UM TVO BØKER

Paa uppfordring.

I. Korleis abcboka mi vart til.

Kunde eg so sant opne augo og hjarto paa folk —

— so borna deira fekk lov te aa leva sitt eige gudegjevne
naturliv, og fekk hjelp og rettleiding te dette i skule og
heim — daa vilde eg so gjerne gjera som Norskt
Barneblod bed meg: fortelja noko um det eg har røynt her

— fraa det eg var liten smaagut og te eg vart vaksen
mann.

Naar eg skal fortelja ærleg korleis desse bøkene vart
te, so er det best aa segja straks at mange har hjelpt
meg. Fyrst kona mi og dei tvo eldste døttene. Ho
fraa den tid ho var skulegjente og hjelpte meg so
idherdigt med aa samle vyrkje aat abcboka; og sidan
baade ho og dei med leseboka, med di dei var
prøve-klutane mine. Aat deim fortalde eg mest alt eg skreiv,
før eg sette det upp i bøker.

Men det som gjorde storvendinga i min livslagnad
ligg fyre denne tid. I attan aars alder kom eg paa
folke-høgskulen aat Kristofer Bruun, og han førde meg inn paa
ein ny veg, so eg vart lærar; fyrst for born nokre aar,
og sidan for ungdom so lenge eg hadde helsa te det.
Folkehøgskulen aat Bruun har hjelpt meg te det syn paa
barnelivet at eg kunde skrive ei abcbok og ei lesebok
paa min maate.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free