- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
57

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

taa meg sjølv og taa Gud. Daa hadde det dotte taa meg
som visne lauvsblad dette eg hadde „lært" paa
pugg-skulane daa eg var liten.

So skulde eg te aa haide skule sjølv — ein ungdom
paa 20 aar! Og her sat eit tjug born og venta alt fraa
meg, tirande blanke som morgosola! Korleis skulde
det gaa?

Aa, eg fekk ta te paa berran botn med det vesle eg
ærleg visste og kunde, det som hadde slege rot i meg.
Gje meg sjølv, og lære litt um senn etter som eg lærde
bornom.

Og eg saag ikkje anna enn dette gjekk.

No levde eg upp att i minnet, ihop med bornom, all
den ljose og rike barndomen min der heime paa
farsgarden: i vaaronna med Morten Bjønnhaug, i slaattonna
med gutom og gjentom; med bøling paa sætra, etter
mol-tor og bær og paa fisking; um vintrane i skibakkom, i
svarte granskogen paa vedkjøyring med karom; og um
kveldane ved peisen heime i stova.

Daa uppdaga eg at just dette vilde borna ha. Og
eg uppdaga noko endaa rarare: at han Morten Bjønnhaug
og Lars Haagaa’a, ho Stor-lngebjørg og ho vesle
Ragnhild Bergom, og ho mor og han far — dei hadde hjelpt
meg meir fram enn alle desse skulane og skulemeistrane
eg hadde havt daa eg var liten. Eventyret um han
Faalaaragge, Dei tri bukkane i erteraakren, og fleire
som ho Ingebjørg og ho Torø baangjente fortalde, hadde
havt meir makt over meg te aa gjera meg snild, enn noko
taa alt dette framande vi las og lærde paa barneskulen.
Og songen hennar mor hadde sanneleg bore sola inn aat
meg kaar morgon eg vakna. Dette saag eg no.

Han Morten husmann hadde fortalt meg noko um
seg sjølv ein gong vi var te fjells. Han var ein vill gap
daa han voks upp, sa han, og aatfunnig; han hermde
etter folk naar dei gjekk og naar dei tala. So gifte han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free