- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
58

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg. Og daa fekk han eit baan, ei gjente, som var rar:
ho gjorde uppatt alle dei faktor og læte som han hadde
gjort paa spe og spott i sin ungdom. „Daa tok eg te
fekk vet,u sa han. „Vi er ikkje vaksne før vi biir 30
aar og fær ikkje vet før vi biir 40,“ sa han.

Dette tok meg for bringa meir enn alle bibelsprok
eg hadde lært paa rams, og alt eg hadde lese um
„Salig-gjørelsens orden" i Pontoppidan. For eg var so glad
taa ’om Morten. Han kunde mest heile Bibelen, og daa
han den gongen fortalde meg um Elias og Akab, saag vi
store syner.

— No stod eg her med desse bornom. Eg og laut
freiste aa fortelja Bibelen paa den maaten, skulde det
mone noko. Eg hadde kanskje endaa ikkje vaaga det.
Det var mot alle regiar. Og det sette store krav aat
læraren. Men Kristofer Bruun sjølv hadde gjort det —
paa skulen sin. Og han talde meg te — han som var
so lærd! Daa vart eg trygg.

Ja, eg let vera all utanaatlesing, og berre fortalde.
Etter Bibelen og etter Snorre. Trua sa eg fram høgt,
Fadervaaret bad eg. Og salmane song vi.

Stundom fekk borna fortelja. Ikkje det eg hadde
fortalt — det trudde dei seg heller ikkje te aat meg —
men eventyr og sogor som dei hadde høyrt heime. Sumt
taa dette fekk dei daa skrive upp, etter som dei lærde og
greidde det, og plent som dei sjølve hadde fortalt det.
Dette retta eg so smaatt og senn over te landsmaal. Men
heime fortalde dei det det hadde høyrt paa skulen —
um kveldane.

Eg hadde lært aa lesa utor „Haanaa-abc’n" daa eg
var liten. Ei fæl bok. Der stod Fadervaar og Trua med
feite bokstavar. Og der stod Moses og Gudfader
av-skildra — og skræmde meg slikt at eg minnest det endaa,
so strenge og hårde var dei. Men daa eg vart van ved
deim, vyrde eg deim ikkje lenger; for eg kunde nok vita

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free