- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
64

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde vi deim og imot oss, attaat den store hopen.
Gamal vane er vond aa vende.

Ei moro lyt eg fortelja. Det kom ut det ordet at
eg var mormon — eg hadde forkynt den læra au, paa
skulen. Dette tullet trudde dei paa, helst i grannbygdom.
Men foreldra og presten log aat det. Eg skyna ingen
ting taa dette. Jau, endeleg kom eg etter med di.

Eg hadde fortalt paa skulen ein dag um Samuel daa
han var smaagut, og um Hanna mor hans, alt dette
underfulle som hende henne og den guten. Og eg la
ikkje dølsmaal paa at far aat Samuel hadde ei kone til,
som ikkje var snild. So spør ei lita gjente um det ikkje
var fælt stygt aa ha tvo kjeringar, ja um det ikkje var
synd. Jau no vilde det vera synd," sa eg — „for oss;
no daa Kristus er komen og har sagt det klaart og greitt,
og har hjelpt oss dg te aa sjaa klaarare. Men den
gongen, heldt eg fram, saag dei ikkje paa det som noko
gale. Og Moses hadde ikkje vaaga seg te aa nekte deim
det — han hadde sagt at kongen deira ikkje skulde ha
mange konor, men han hadde ikkje sagt at han skulde
ha berre ei; dei var ikkje komne so langt at han vaaga
det." So nemnde eg Abraham som tok Hagar, endaa han
hadde Sara før, og Jakob med Lea og Rakel, og David
som hadde minst seks vi veit um — og fleire gilde karar
fraa den gamle soga aat hebræarom.

Den dagen sat det nokre „farisæarar" og lydde paa
undervisninga — elles kloke folk. Og dei hadde vorte
„forsigna, ja forfæra", sa dei, over kor livleg eg hadde
fortalt og skildra alt saman. Serleg det um dei tvo konor,
det var mest for livlegt, etter deira skyn. Hadde no
borna berre lært dette utanaat i ei bibelhistori — daa
hadde det ingen faare vore, let dei. Men aa faa det
fortalt paa den maaten — sjaa der laag faaren; det kunde
føre deim beint ned i mormonisme! Og Gud veit naa
kaa denna livlege læraren tenkte og bar paa innanför den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free