- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
65

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

smilande yta si — meir vilde ikkje dei segja denne
gongen, o. s. fr.

Fraa her kom snakket, denne gongen. Og stygt saag
det ut.

Eg skynar enno ikkje korleis nokre taa dei ræddaste
foreldrom vaaga aa sende borna paa skulen min, so
som dei vart lokka og truga te aa ta deim att. Men det
var nok Stor-Kvaalen aa takke — han var paa vaar side
og hadde ei veldig magt — og ungdomen fraa
folkehøg-skulen som var i ungdomslaget vaart — og so presten,
som stod attum oss med ein smil, og sa at dei lærde
meir paa denne skulen enn paa sjølve Fastskulen. Desse
og borna gjorde utslaget.

Ja Halling let deim „sleppe fram“ so fort dei kom
— utan Pontoppidan; dei hadde kristendoms kunnskap
meir enn nok likevel, let han, dei kunde svara paa alt
han spurde deim etter.

Eg tala og fortalde, og let borna faa fortelja. Eg
reint vanvyrde dette Vigtig-Per-sproket aat dei vaksne;
brydde meg berre um born, var ihop mest berre med
born — soleis som dei tala skulde eg lære aa tala. —
Men vi laut daa ha nokon bøker aa lesa i.

Eg hadde lese Grøgaards og Knutzens lesebøker daa
eg var liten; no var det Jensens. So hadde eg lese
Berlins Naturlære, ho var mest den likaste. Men
vaksne-sprok og byknot og framandt maal var alt dette for
fjell-bornom mine. Og eg som hadde sagt at eg vilde setja
deim paa „berr bakke med deira eige maal baade i munn
og i penn“ — det var ikkje greitt aa finne lesnad i den
tid aat bornom mine.

Vi las Ein Sogebundel og det Samlaget kom med;
leseboka aat Paulsen; Fraa Bygdom, Fraa Dansketidi,
det Janson kom med; Fraa Vestlandet, Svein og Gudveig,
som Krohn og Vestmannalaget kom med. Men det stoppa
ingen ting.

A. Austlid: Salt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free